Over 600 følgde NOKUTs informasjonsmøte om det ukrainske utdanningssystemet

Interessa var enorm då NOKUT presenterte det ukrainske utdanningssystemet, og om korleis utdanning frå Ukraina kan vurderast i Noreg. Opptak av møtet finn du i artikkelen.

Det er venta at svært mange ukrainarar vil kome til Noreg i tida som kjem, og det er viktig at dei får brukt kompetansen dei sit på, eller får høve til å utvikle kompetanse dei har.

Måndag 4. april inviterte NOKUT til informasjonsmøte, og over 600 deltakarar vitnar om stor interesse for meir informasjon om det ukrainske utdanningssystemet. NOKUT-direktør Kristin Vinje er glad for at så mange deltok.

– Det norske samfunnet står overfor ei stor oppgåve med å hjelpe dei som no kjem til Noreg, og det var derfor svært gledeleg at så mange deltok på dette møtet. For NOKUT er det viktig at hjelpeapparatet har god og tilgjengeleg informasjon, og vi håper at dette arrangementet bidrog til det, seier Kristin Vinje.

NB: Dette er en nyinnspilling, da det opprinnelige opptaket ikke fungerte.

Eiga nettside for spørsmål oppretta

Under møtet kom det inn mange spørsmål om alt frå godkjenning av bilmekanikarar, til korleis utdanningsløpet i Ukraina er strukturert. Fleire av desse spørsmåla blei svart på undervegs i møtet, men for å gi alle tilgang til svara, er det oppretta en spørsmål og svar-side

NOKUT vil oppdatere denne lista etter kvart som det kjem inn fleire spørsmål der fleire kan ha nytte av å sjå svara.

Mange har også spurt om databasane for verifisering av vitnemål og apostillar frå Ukraina framleis er tilgjengelege, noko NOKUT-direktøren kan stadfeste.

– I førre veke fekk vi stadfesta at dette er flytt til ein sikker stad, og at databasane er oppe igjen. Men slik situasjonen er no så kan jo dette sjølvsagt endre seg, seier Kristin Vinje og legg til at NOKUT har vore i kontakt med dei ukrainske kollegaene våre.

– Vi har blitt oppdatert på status hos dei. Dei jobbar no med å setje opp eit nytt kontor hos dei polske kollegaene våre og vil vere operative i løpet av få dagar. Det er imponerande, seier Vinje.

Del med andre