NOKUT blir partnar i Erasmus+-prosjekt

I sommar fekk NOKUT og resten av konsortiet bak søknaden LABEL-UP (Launching Actions for Boosting the European Degree Label – UP!) tilsegn om midlar frå Erasmus+. NOKUT skal bidra til å utvikle og teste ordningar for eit europeisk gradsmerke og utforske mogelegheitene for ei framtidig europeisk grad innan høgare utdanning saman med Kunnskapsdepartementet og ei rekkje internasjonale partnarar.

Før sommaren lanserte  Europakommisjonen eit europeisk gradsmerke (Joint European Degree Label). Gradsmerket skal auke synlegheita til europeiske fellesgrader som oppfyller kriterium for høg kvalitet. Målet er å styrkje mobilitet, framme samarbeid mellom europeiske utdanningsinstitusjonar og gjere det enklare å utvikle felles studietilbod.

Som ein del av lanseringa av gradsmerket blir det også delt ut Erasmusmidlar til å utvikle lokalt lovverk og rammeverk for evaluering i tråd med kriteria. Noreg har saman med eit konsortium søkt og fått tilsegn om midlar til prosjektet LABEL-UP (Launching Actions for Boosting the European Degree Label – UP!).

– LABEL-UP skal gjere det enklare å utvikle og anerkjenne felles europeiske utdanningar. For NOKUT er dette ei spennande mogelegheit til å bidra til å redusere barrierar for samarbeid om høgare utdanning i Europa, seier Kristin Vinje, administrerande direktør i NOKUT.

Noregs bidrag til utviklinga av gradsmerket

Noreg bidrog i utviklinga av rettleiaren til det europeiske gradsmerket med representantar frå Kunnskapsdepartementet (KD), Universitets- og høgskolerådet og NOKUT. I forlenginga av dette blei  KD og NOKUT invitert inn i konsortiet i januar 2026 og har bidratt til utviklinga av prosjektet og Erasmus+-søknaden. Prosjektet blir leia av  det nederlandske kunnskapsdepartementet, og KD og NOKUT leiar i fellesskap med ein partnar kvar sin arbeidspakke.

I oktober blir avtalen signert, og saman med  partnarane skal NOKUT dei neste to åra bidra til å utforske mogelegheitene for ei europeisk fellesgrad.

Ein breitt samansett partnarskap

Konsortiet består av departement og kvalitetssikringsorgan frå seks europeiske land: Nederland, Noreg, Romania, Frankrike, Flandern (Belgia) og Sverige. Partnarane representerer ulike nasjonale system og tradisjonar for akkreditering og kvalitetssikring, noko som gir eit godt grunnlag for å teste korleis eit europeisk gradsmerke kan takast i bruk i praksis.

Støtte til implementering av gradsmerket og utforsking av ei europeisk grad

LABEL-UP skal greie ut utfordringar og mogelegheiter knytt til implementeringa av eit europeisk gradsmerke og undersøkje mogelegheitene for ei framtidig europeisk grad.

Overordna har prosjektet tre hovudmål:

  1. Støtte implementeringa av eit europeisk gradsmerke
  2. Styrke kommunikasjon, synlegheit og involvering av relevante aktørar
  3. Analysere nasjonale regelverk for å vurdere mogelegheitene for ei framtidig europeisk grad, med ingeniørutdanning som pilot

Prosjektet er organisert i fire arbeidspakkar:

  1. Prosjektleiing, kvalitetssikring og organisering
  2. Kapasitetsbygging og aktivitetar for å sikre god implementering av European Degree Label
  3. Kommunikasjon og synlegheit
  4. Regelverksanalyse og samarbeid på tvers av landegrenser

NOKUTs rolle

NOKUT leiar arbeidspakke 2 saman med det nederlandske/flamske kvalitetssikringsorganet NVAO. I tillegg støttar NOKUT Kunnskapsdepartementets arbeid i arbeidspakke 4 og deltar som fullverdig partnar i resten av arbeidspakkane.

– Vi ser fram til å bidra med kompetansen vår i arbeidet med å implementere ei framtidig europeisk grad. Samtidig vil  prosjektet vere ein god arena der vi kan tileigne oss meir kunnskap om andre lands kvalitetssikringsarbeid og regelverk, som vil kome til nytte både for oss og den norske UH-sektoren, seier Hege Brodahl, avdelingsdirektør for høgare utdanning.

Er du interessert i tematikken? Her kan du lese meir:

Blueprint for a European degree

Joint European Degree Label

EDL operational guide

Utlysing av midlar

Del med andre