Nesten halvparten strauk på juss-eksamen på dei barnevernsfaglege masterprogramma

I desember blei nasjonal deleksamen i rettsanvendelse i barnevern for barnevernsfaglege mastere gjennomført i full skala for første gong. Resultata viser at nesten halvparten av masterstudentane strauk på eksamen.

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Av dei 300 studentane som avla eksamen var det 163 (54 %) som bestod, og 137 som strauk (46 %).

Resultata viser at dette var ein utfordrande eksamen, men den gir oss samtidig ein peikepinn på kva som må gjerast for å styrkje arbeidet med den juridiske kompetansen til studentane på barnevern, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

– Strykprosenten er sjølvsagt alt for høg, og fleire av institusjonane har mykje å jobbe med. Samtidig veit vi at mange av studentane ikkje har erfaring med det nye lovverket enda, verken i utdanninga eller i arbeidslivet. Det er også ei ukjend eksamensform for mange, som kan forklare at desse resultata ikkje er så gode som ein kunne ønskt. Det er uansett ingen tvil om at resultata må bli betre framover, sidan tilstrekkeleg juridisk kompetanse er avgjerande for rettstryggleiken til barn og familiar som er avhengig av hjelp frå barnevernet, seier Vinje.

Det er første gong denne eksamenen blir gjennomført for alle institusjonar som tilbyr dei nye barnevernsfaglege studieprogramma. Emnet svarer til 5 studiepoeng, og eksamen blir haldne i første semester.

Nasjonal eksamen skal gi fagleg utvikling

Eksamen er felles for master i barnevernsfagleg arbeid og for master i barnevern og blir knytt til juridisk metode og korleis ein resonnerer knytt til rettslege spørsmål på barnevernsfeltet.

Eksamensoppgåvene blir utvikla av fagpersonar frå dei ulike institusjonane, og eksamen blir evaluert i ettertid. Det faglege samarbeidet og samtalane rundt læringsutbytta, eksamen og undervisning er med på å utvikle studiane vidare, fortel prosjektleiar for nasjonal deleksamen i NOKUT, Helen Bråten.

– Vi har mange samtalar på tvers av emneansvarlege, undervisarar, sensorar, fagmiljø, med studentar, og tilsette i barnevernet. Ved å jobbe saman, med faglege diskusjonar, arbeider vi for tydelegheit rundt kva vi vil studentane skal lære og forståing for faglege standardar og kriterium, altså utdanningskvalitet og vurderingskvalitet. Dette vil kome studentane til gode. Eg trur dette vil betale seg etter kvart. Fagmiljøa gjer ein solid jobb, men det er mykje studentane skal igjennom på kort tid. Dette krev ressursar, seier Bråten.

Kvifor nasjonal deleksamen for barnevernutdanningane?

Barne- og familiedepartementet og Kunnskapsdepartementet arbeider med å heve kompetansen innan barnevern, med spesiell vektlegging av juridisk kompetanse. Tilstrekkeleg juridisk kompetanse er avgjerande for rettstryggleiken til barn og familiar som får hjelp og som kan møte inngripande tiltak med bruk av tvang og makt. Nasjonal deleksamen i juss for barnevernsfaglege masterprogram er eit av fleire tiltak for å setje fokus på og auke juss-kompetansen i barnevernet.

Nasjonal deleksamen er eit tiltak som kan knyte dei ulike studiestadane tettare saman, gi nyttig informasjon om kunnskapsnivået til studentane, og gi fagmiljøa og studiestadane ei mogelegheit til å samanlikne seg med andre og utvikle seg på grunnlag av det. I tillegg kan nasjonal deleksamen bidra til ein auka tillit til barnevernsfaglege utdanningar.

Del med andre