Fleire kan bruke NOKUTs automatiske godkjenning

Elleve nye land er no inkludert i NOKUTs ordning for automatisk godkjenning av utanlandsk høgare utdanning. Dermed kan fleire enklare få informasjon om kva kvalifikasjonen deira tilsvarer i Noreg.

Automatisk godkjenning er eit valfritt alternativ til den ordinære godkjenningsordninga for utanlandsk høgare utdanning. Den gir strukturert informasjon om kva norsk grad ein utanlandsk kvalifikasjon kan samanliknast med. Etter utvidinga omfattar ordninga no 31 land.

NOKUT arbeider systematisk med å utvide ordninga for automatisk godkjenning med fleire land og fleire kvalifikasjonar. Det fortel fungerande leiar for seksjon for godkjenning av høgare utdanning, Silje Molander.

– Det ligg nitid arbeid bak kvart land og kvar kvalifikasjon som blir innlema i ordninga. Vi innhentar informasjon frå det aktuelle landet sine myndigheiter og andre relevante kjelder for å sikre at den vurderinga vi gjer er gyldig for alle som har den gitte kvalifikasjonen. Det er derfor blant anna viktig at kvalifikasjonane er einsarta regulerte i utdanningslandet. Då vil NOKUT normalt godkjenne dei likt, forklarer Silje Molander.

Følgjande land er no også med i ordninga:

  • Armenia
  • Frankrike
  • Hong Kong
  • Malaysia
  • Nederland
  • New Zealand
  • Romania
  • Singapore
  • Taiwan
  • USA
  • Vietnam

Enklare prosess for alle

Sist gong NOKUT gjorde ei større utviding av land og kvalifikasjonar for automatisk godkjenning, var hausten 2021. Molander fortel at erfaringane med automatisk godkjenning har vore svært gode. For dei landa som då blei inkludert, er det ein reduksjon i talet på søknader på om lag 30 prosent, samanlikna med 2020.

– I staden for å sende inn ein søknad og vente på individuell saksbehandling, kan ein enkelt laste ned eit dokument som skildrar graden og korleis NOKUT vurderer denne. Arbeidsgivarar og søkjarar får altså umiddelbar tilbakemelding på kva den utanlandske kvalifikasjonen tilsvarer i det norske systemet. Automatisk godkjenning er ein effektiv måte å få informasjon om ein spesifikk utanlandsk kvalifikasjon på, seier Silje Molander.

Populær ordning

Automatisk godkjenning er ei standardisert utsegn som viser kva den utanlandske utdanninga tilsvarer i Noreg, utan at enkeltpersonar trengjer å søkje om godkjenning eller laste opp dokument for vurdering. Når ein søkjer om jobb eller utdanning, kan utsegna leggjast ved saman med utdanningsdokument.

– Vi arbeider kontinuerleg med å effektivisere tenestene våre slik at personar med utanlandsk utdanning enkelt kan bruke den når dei søkjer arbeid i Noreg. Vi vil derfor framover arbeide for å inkludere enda fleire land og kvalifikasjonar i denne ordninga, avsluttar Molander.

Utvidinga av ordninga tredde i kraft 24. august, og informasjon om korleis ein kan nytte seg av den ligg på NOKUT sine nettsider.

Dersom ein likevel vil søkje om NOKUTs godkjenning av utanlandsk høgare utdanning på vanleg vis, må ein sende inn ein søknad via søkjarportalen på nettsida vår. Ein må regne med noko saksbehandlingstid.

Del med andre