Bakgrunn og historikk

Noreg innførte Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring i 2011 etter ein prosess som involverte fleire ekspertar frå utdanningssektoren og andre relevante aktørar. Innføringa av NKR i Noreg er ei vidareføring av to viktige europeiske prosessar innan utdanningsfeltet: EQF-prosessen og Bologna-prosessen. Sidan har det vore fleire utviklingar du kan lese meir om her.

Bologna-prosessen

Bologna-prosessen er ein prosess som blei sett i gang i 1999 på bakgrunn av den Europeiske kulturkonvensjonen med mål om å skape eit felles, europeisk område for høgare utdanning, European Higher Education Area (EHEA).

Tre av fleire viktige verktøy i denne prosessen er Lisboa-konvensjonen frå 1999, som forpliktar dei tilsluttande statane å anerkjenne utdanning frå andre underskriftsland, Standards and Guidelines for Quality Assurance in the European Higher Education Area (ESG), som set standardar for kvalitetssikring av utdanning, og  Kvalifikasjonsrammeverket for høgare utdanning (QF-EHEA). NOKUT er ei offentleg myndigheit som har ansvar for både kvalitetssikring av høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning og for å godkjenne utanlandsk utdanning. Såleis har NOKUT fleire roller opp mot Bologna-prosessen. Du kan lese meir om desse på sidene våre.

I 2005 blei QF-EHEA etablert. Dette er eit overordna rammeverk for høgare utdanning som omtalar dei tre kvalifikasjonsnivåa, eller syklusane, i høgare utdanning. I Noreg førte innføringa av dette rammeverket til ei omstrukturering av gradane innan høgare utdanning, og vi nyttar i dag mellom anna nemningane bachelor, master og ph.d. på desse tre nivåa. Desse nivåa er utforma slik at dei er kompatible med dei tre øvste nivåa (6–8) i det europeiske kvalifikasjonsrammeverket.

European Qualifications Framework

I 2011 slutta Noreg seg til det europeiske initiativet i regi av EU-kommisjonen om å etablere eit felles metarammeverk for alle dei nasjonale kvalifikasjonsrammeverka i Europa. Gjennom dette initiativet etablerte landa European Qualifications Framework for lifelong learning (EQF)

Dette rammeverket skulle ha 8 nivå, der nivå 6–8 skulle vere fullstendig kompatibelt med QF-EHEA. Kvar enkelt tilsluttande stat etablerte samstundes sitt eige, nasjonale kvalifikasjonsrammeverk.

Målet med EQF er at dei ulike nasjonale kvalifikasjonsrammeverka skulle koplast saman ved at kvart enkelt land knyt eit nivå i rammeverket til eit nivå i EQF. På den måten skal det vere mogleg å samanlikne nivået på to kvalifikasjonar frå ulike europeiske land, via EQF. 

Samanlikning EQF

Innføring og utvikling av kvalifikasjonsrammeverk i Noreg

Noreg utforma i 2011 eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk  med 7 nivå, med grunnskole på nivå 2 og ph.d. som den høgste kvalifikasjonen på nivå 8. Det er ingen kvalifikasjonar på nivå 1 i det norske kvalifikasjonsrammeverket. Til kvart nivå blei det utforma eit sett med overordna nivåskildringar, ofte også kalla deskriptorar. Desse er generelle standardar for læringsutbyteskildringar på dei ulike nivåa, og legg rammer for korleis læringsutbyteskildringar for enkeltkvalifikasjonar skal vere utforma (les meir om læringsutbytskildringar). Deretter blei dei norske nivåa kopla til EQF-nivåa 2-8 gjennom ein formell tilvisingsrapport som blei godkjent på europeisk nivå. Dei tre nivåa for høgare utdanning frå kvalifikasjonsrammeverket for høgare utdanning blei passa inn i NKR og omgjort til nivåa 6, 7 og 8.

Føremålet med NKR var mellom anna å bidra til, og leggje til rette for, livslang læring og fleksible læringsvegar, og motverke blindvegar i det norske systemet. Bruken av nivå i NKR og skildringar av læringsutbytet frå alle kvalifikasjonar skulle bidra til auka gjennomsiktigheit i det norske systemet og auka mobilitet både mellom fag og sektorar, og mellom land.

Ved etableringa av NKR var det berre dei mest sentrale, formelle kvalifikasjonar frå utdanningssystemet som fekk innplassering i kvalifikasjonsrammeverket. Likevel er det eit uttalt mål at NKR skal kunne styrke anerkjenninga av uformell kompetanse inn mot det norske utdanningssystemet og læring som skjer i arbeids- og samfunnsliv.

I 2013 fekk eit offentleg ekspertutval leia av Jan Ellertsen i oppdrag å vurdere modellar for innplassering av kvalifikasjonar frå utanfor det formelle utdanningssystemet. Utvalet var svært delt i meiningane sine og delte seg i eit mindretal som meinte at det ikkje var behov for ytterlegare innplasseringar og eit fleirtal som kom med tilrådingar for ein slik modell.

NKR fekk ei eiga forskrift i desember 2018, som skal regulere bruken og ansvaret for kvalifikasjonsrammeverket på eit overordna nivå. NKR inngår også i regulering av dei ulike utdanningsnivåa gjennom mellom anna universitets- og høgskolelova og fagskolelova.

 

Gå tilbake til hovudsida om NKR