Kva er læringsutbyte og læringsutbyteskildringar?

Vi skil mellom læringsutbyte og læringsutbyteskildringar. Læringsutbyte viser til det faktiske utbyttet av utdanninga, anten det er eit resultat av det utdanningsinstitusjonen retter utdanninga mot, eller av det ein student gjer på andre måtar. Slik kan det faktiske læringsutbytet vere større, mindre og annleis enn det utdanningsinstitusjonen legg opp til. Det kan til dømes bli oppnådd gjennom studentens eigenarbeid, eller erfaringar og kunnskap som kjem frå andre arenaar enn ved utdanningsinstitusjonen.

Til dømes er læringsutbyteskildringar ein måte å kommunisere til studentar og moglege studentar kva dei skal kunne etter fullført utdanning. Læringsutbyteskildringar er òg meint å vere ein reiskap for faglærarar og sensorar for å vite kva studentane skal lære, kva de skal vurderast etter og korleis de skal vurderast.

Læringsutbyteskildringar er ein essensiell del av kvalifikasjonsrammeverk. Det finst mykje pedagogisk teori og læringsteori som omtalar arbeid med læringsutbyte og læringsutbyteskildringar. Særleg Benjamin Blooms taksonomi over læringsmål frå 1956 har hatt stor innflytelse på arbeidet med læringsutbyte. Læringsutbyteskildringar er ein måte å setje ord på eit læringsutbyte, og har fleire funksjonar i utdanningsinstitusjonanes arbeid. Sjølv om kvalifikasjonsrammeverk kviler på læringsutbyteskildringar og nivåskildringane, står arbeid med læringsutbyte også på eigne bein som eit eige pedagogisk verktøy – uavhengig av kvalifikasjonsrammeverket.

Læringsutbyteskildringar kan vere utforma på ulike måtar. Den etablerte ramma for læringsutbyteskildringar for formell utdanning i Noreg er at dei skal innehalde skildringar av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Læringsutbyteskildringane skal òg skildre nivået av kompleksitet på læringsutbytet. På den måten er læringsutbyteskildringar normalt så spesifikke at dei gjev eit godt bilete av det konkrete studieprogrammet eller det konkrete emnet, og samstundes så generelle at dei er forståelege for personar utan særskild kompetanse i fagfeltet.

Særleg sentralt for arbeid med læringsutbyte er ideen om at det finst mange ulike og jambyrdige former for læringsprosessar. Ved å nytte læringsutbyteskildringar vender ein merksemda vekk frå rammene rundt ein læringsprosess til utbytet av læring.

Du kan lese meir om to særskilde funksjonar læringsutbyteskildringar har her.

Kommunikasjon og informasjon

Det er eit viktig pedagogisk element at den som gjennomfører eit læringsløp forstår og har eit aktivt forhold til eigen læringsprosess. Som eit ledd i det skal læringsutbyteskildringar setje ord på kva læringsutbyte ein forventar eller forsøker å oppnå hos ein person etter eit fullført læringsløp. Slik vil det kommunisere til studentar og elevar kva dei kan forvente å sitje att med. Men på den måten kommuniserer det òg til storsamfunnet kva ein kan forvente at ein person som har fullført læringsløpet veit, kan og er i stand til å gjere. 

Filosofien bak læringsutbyte og læringsutbytemetodikk kviler på eit syn på læring som ein aktiv prosess som utelukkar at den som lærer er passiv mottakar av informasjon. Det betyr ikkje berre at eleven eller studenten òg må jobbe aktivt og utføre oppgåver for å lære, men også at denne må ha eigarskap til prosessen. Med andre ord må eleven eller studenten også forstå og ta del i utforminga av læringsprosessen. Ved å formulere eit forventa læringsutbyte av ein kvalifikasjon og ved å forplikte seg til læringsaktivitetar som skal føre fram til dette utbytet blir eleven eller studenten invitert til ikkje berre å engasjere seg i aktivitetane, men òg til å ha eit kritisk og konstruktivt forhold til prosessen.

Læringsutbyteskildringar skal bidra til at læring blir meir gjennomsiktig og forståeleg. Det er med andre ord både ein kontrakt mellom ein institusjon og ein student eller elev som skal i gang med ein læringsprosess, og informasjon til arbeids- og samfunnsliv om kva ein kan forvente av ein kvalifikasjon.

Arbeid med læringskvalitet i utdanning

Læringsutbyteskildringar har ein viktig funksjon i den pedagogiske prosessen, altså for arbeidet med å utforme, utvikle og revidere ulike pedagogiske opplegg og undervisnings- og vurderingsformer. På den måten skal læringsutbyteskildringar inngå som eit verktøy for å jobbe med og å heve kvaliteten på læringa. Det skal kunne bidra til å auke medvitet rundt kva utbyte som er sentralt for faget og som samfunnet har behov for. Det skal òg bidra til å styrke det systematiske pedagogiske arbeidet:

Utbytet av eit læringsløp er på mange måtar i ei særstilling og viktig for kvaliteten på ei utdanning. (Les meir om NOKUTs kvalitetsområde for studieprogram og for høgare yrkesfagleg utdanning (pdf)) Det kan samtidig ofte vere vanskeleg å vite kva det faktiske læringsutbytet av eit løp er. Å utforme og utvikle læringsutbyteskildringar er å forsøke å setje ord på utbytet, og å jobbe systematisk med kva ein forventar å oppnå gjennom utdanningsopplegget. Ved å nytte læringsutbyteskildringar vender ein merksemda frå ting som pensum, arbeidstimar, eksamenar, osv. som det som skal utgjere utdanninga, til om og korleis det pedagogiske opplegget og vurderingsformene er eigna for å oppnå det ønska læringsutbytet. 

Når ein har jobba med å setje ord på det forventa læringsutbytet er det ein viktig del av arbeidet med utdanningskvalitet å systematisk måle, samanlikne og vurdere forholdet mellom forventa læringsutbyte og det faktiske læringsutbytet studentar og elevar sit att med. Dersom ein på ulike måtar ser at studentane i liten grad oppnår det forventa læringsutbytet må den som utviklar og leiar studiet ta aktivt stilling til korleis ein skal jobbe vidare med læringsutbyteskildringane, det pedagogiske opplegget og måtane ein målar det på. Det kan til dømes vere at det forventa læringsutbytet er for omfattande, at læringsaktivitetane ikkje er egna for å nå læringsutbytet eller at studentane ikkje har føresetnadene for å oppnå det forventa læringsutbytet. Dette er ein del av det pedagogiske arbeidet, og at det som gjerne blir kalla constructive alignment.

Ei utdanning av høg kvalitet vil gjerne svare godt på det som er samfunnets behov for kompetanse, og klarer å balansere til dømes arbeidslivets behov med det som er forventa av faget og fagmiljøet. Læringsutbyte og læringsutbyteskildringar kan vere eit nyttig verktøy for å møte og kartleggje desse behova.

 

Gå tilbake til hovudsida om NKR