Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring

Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring er eit rammeverk som skal bidra til læring heile livet og på alle livets arenaar. Det rettar seg mot mellom anna studentar, lærarar, arbeidsgivarar og storsamfunnet. Ved å setje utbytet av ulike former for læring i sentrum skal det auke kvaliteten og gjennomsiktigheita til alle læringsløpa vi møter livet gjennom.

Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) er eit verktøy som skal samle norske kvalifikasjonar i eitt felles rammeverk. Gjennom ein overordna standard for utbytet av ulike former for læring skal NKR kunne offisielt anerkjenne som kvalifikasjonar ulike læringsløp frå eit mangfald arenaar i samfunnet. På den måten skal NKR også vise kva nivå ulike kvalifikasjonar ligg på i forhold til kvarandre. Ved å vere basert på læringsutbytet av eit læringsløp skal NKR vende merksemda frå rammene rundt læringa til utbytet som den som lærer sit att med ved slutten av løpet.

Når ein kvalifikasjon har eit formulert læringsutbyte og har ei plassering i NKR, kan studentar, arbeidsliv og storsamfunnet lettare forstå kva dei kan forvente av eit læringsløp, kva nivå læringsutbytet av kvalifikasjonen ligg på og korleis kvalifikasjonen står i forhold til andre nasjonale og internasjonale kvalifikasjonar. På den måten skal NKR bidra til at personars kompetanse kan bli brukt på fleire av samfunnets område.

Bruken av læringsutbyte i NKR har òg ei rolle i arbeidet med å utarbeide læringsmål i skolen og i kvalitetssikring av høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning i Noreg. Såleis er NKR eit viktig ledd i rammene for utdanningssektoren.

NOKUT er nasjonalt kontaktpunkt for NKR og EQF.

Bakgrunn og historikk

Noreg innførte Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring i 2011 etter ein prosess som involverte fleire ekspertar frå utdanningssektoren og andre relevante aktørar. Innføringa av NKR i Noreg er ei vidareføring av to viktige europeiske prosessar innan utdanningsfeltet: EQF-prosessen og Bologna-prosessen. Sidan har det vore fleire utviklingar du kan lese meir om her:

Korleis er kvalifikasjonsrammeverket bygd opp?

Det norske kvalifikasjonsrammeverket er eit overordna rammeverk som på same tid skal gje ein standard for korleis ein kan skildre læringsutbytet av ein kvalifikasjon og uttrykke kva nivå kvalifikasjonen ligg på. På den måten seier det både noko om nasjonale kvalifikasjonar og korleis dei står i forhold til kvarandre. Ved å ha utdanningskvalifikasjonar innplassert på ulike nivå er NKR med å setje minimumskrav til nivået på læringsutbytet desse utdanningane skal ha.

NKR har på denne måten i dag ei viktig rolle i arbeidet med kvalitetssikring i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. Gjennom The European Qualifications Framework (EQF) kan NKR også bidra til å samanlikne kvalifikasjonar på tvers av land og utdanningssystem. Slik bidrar NKR mellom anna til arbeidet med å godkjenne utanlandsk utdanning.

Kva er læringsutbyte og læringsutbyteskildringar?

Vi skil mellom læringsutbyte og læringsutbyteskildringar. Læringsutbyte viser til det faktiske utbyttet av utdanninga, anten det er eit resultat av det utdanningsinstitusjonen retter utdanninga mot, eller av det ein student gjer på andre måtar. Slik kan det faktiske læringsutbytet vere større, mindre og annleis enn det utdanningsinstitusjonen legg opp til. Det kan til dømes bli oppnådd gjennom studentens eigenarbeid, eller erfaringar og kunnskap som kjem frå andre arenaar enn ved utdanningsinstitusjonen.

Til dømes er læringsutbyteskildringar ein måte å kommunisere til studentar og moglege studentar kva dei skal kunne etter fullført utdanning. Læringsutbyteskildringar er òg meint å vere ein reiskap for faglærarar og sensorar for å vite kva studentane skal lære, kva de skal vurderast etter og korleis de skal vurderast.

Læringsutbyteskildringar er ein essensiell del av kvalifikasjonsrammeverk. Det finst mykje pedagogisk teori og læringsteori som omtalar arbeid med læringsutbyte og læringsutbyteskildringar. Særleg Benjamin Blooms taksonomi over læringsmål frå 1956 har hatt stor innflytelse på arbeidet med læringsutbyte. Læringsutbyteskildringar er ein måte å setje ord på eit læringsutbyte, og har fleire funksjonar i utdanningsinstitusjonanes arbeid. Sjølv om kvalifikasjonsrammeverk kviler på læringsutbyteskildringar og nivåskildringane, står arbeid med læringsutbyte også på eigne bein som eit eige pedagogisk verktøy – uavhengig av kvalifikasjonsrammeverket.

Læringsutbyteskildringar kan vere utforma på ulike måtar. Den etablerte ramma for læringsutbyteskildringar for formell utdanning i Noreg er at dei skal innehalde skildringar av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Læringsutbyteskildringane skal òg skildre nivået av kompleksitet på læringsutbytet. På den måten er læringsutbyteskildringar normalt så spesifikke at dei gjev eit godt bilete av det konkrete studieprogrammet eller det konkrete emnet, og samstundes så generelle at dei er forståelege for personar utan særskild kompetanse i fagfeltet.

Særleg sentralt for arbeid med læringsutbyte er ideen om at det finst mange ulike og jambyrdige former for læringsprosessar. Ved å nytte læringsutbyteskildringar vender ein merksemda vekk frå rammene rundt ein læringsprosess til utbytet av læring.

Du kan lese meir om to særskilde funksjonar læringsutbyteskildringar har her:

Nivåa i kvalifikasjonsrammeverket

Det norske kvalifikasjonsrammeverket har sju nivå (nivå 2–8). Kvart nivå i NKR har tilhøyrande standardar for læringsutbyteskildringar som vi kallar nivåskildringar eller deskriptorar og som bestemmer nivået på læringsutbyte. Ved opprettinga av NKR blei dei viktigaste kvalifikasjonane frå det formelle utdanningssystemet plassert direkte inn i kvalifikasjonsrammeverket. Her kan du lese meir om nivåinndelinga og nivåskildringane.

Nivåinndeling

Grunnskulen er i dag den lågaste kvalifikasjonen og er innplassert på nivå 2. Det høgaste kvalifikasjonsnivået er nivå 8, der ein i dag finn doktorgrad (ph.d. og dr.philos) og kunstnarisk utviklingsprogram. I Noreg er det ikkje innplassert kvalifikasjonar på nivå 1, og det eksisterer difor heller ikkje nivåskildringar på dette nivået.

Nivåskildringar

Evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring

NOKUT har evaluert Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring.

Lenkjer til andre ressursar

Dokument

Her kan du sjå ein introduksjon til NKR:


EU-logo