Akkrediterte fagskuletilbod
Berre etter å ha fått akkreditering av ei fagskuleutdanning frå NOKUT, kan ein utdanningsinstitusjon kalle seg for ein fagskule. Kvar utdanning fagskulen tilbyr skal óg være akkreditert. Her finn de informasjon om kva for fagskuleutdanningar NOKUT har akkreditert.
Akkrediterte fagskoleutdanninger på NOKUTs Utdanningsdata (data.nokut.no)
Der kan de finne fagskuletilbod som NOKUT har akkreditert, samt fagskuleutdanninger som fagskular med fagområdeakkreditering sjølv har akkreditert.
Akkrediteringsvedtaket og rapporten for kvar utdanning NOKUT har akkreditert finn du i oversikta over NOKUTs akkrediteringsrapportar og vedtak for fagskuleutdanning.
Finn du ikkje utdanningstilbodet i lista?
Det kan vere fleire grunnar til at utdanninga ikkje er oppført i NOKUT si oversikt over akkrediterte utdanningar. Her er nokre moglege årsaker:
- Fagskulen har ikkje søkt om akkreditering av utdanninga.
- Utdanningstilbodet er ikkje ferdig behandla av NOKUT.
- Utdanningstilbodet er ikkje akkreditert av NOKUT.
- Utdanningstilbodet er lagt ned.
Berre utdanningar som er akkrediterte av NOKUT på tidspunktet for opptak av studentar, gir rett til støtte frå Lånekassen.