Kva betyr brexit for NOKUTs godkjenningsordningar?

Fredag 31. januar 2020 gjekk Storbritannia ut av EU. Når det gjeld NOKUT sine godkjenningsordningar, er det berre godkjenning som lærar og styrar / pedagogisk leiar med utdanning frå Storbritannia som kan bli påverka.

Overgangsperiode

Det vil vere ein overgangsperiode ut året der Storbritannia blir behandla som om dei framleis er medlem av EU/EØS, med dei same rettane som dei har hatt tidlegare. I denne perioden vil det blant anna forhandlast om det framtidige forholdet mellom Storbritannia og Noreg. Noregs forhold til Storbritannia vil vere det same som før, fram til overgangsperioden er over. 

Godkjenning som lærar og styrar/pedagogisk leiar

I overgangsperioden som varer frå 1. februar 2020 til 31. desember 2020, vil det ikkje bli nokon endringar når det gjeld søknader om godkjenning. Overgangsperioden kan forlengjast ytterlegare dersom Storbritannia og EU blir einige om dette.

I denne perioden vil søkjarar som har utdanning frå Storbritannia og ønskjer å søkje om godkjenning som lærar eller styrar / pedagogisk leiar i Noreg, behalde dei same rettane som dei har i dag. Søkjarar kan søkje på same måte som dei gjer i dag, og søknadene vil bli behandla i samsvar med føresegnene i yrkeskvalifikasjonslova. Vi veit førebels ikkje kva som kjem til å skje etter 31. desember 2020, og vi vil oppdatere nettsidene våre med ny informasjon etter kvart.

NOKUTs godkjenning av høgare utdanning, fag- og yrkesopplæring og fagskuleutdanning

Det vil ikkje bli nokon endringar av dagens praksis når det gjeld desse godkjenningsordningane.

Du kan lese meir om brexit her:

Del med andre