Seks av ti bestod nasjonal deleksamen i matematikk

Svake resultat frå den nasjonale deleksamenen i haust i matematikkdidaktikk for grunnskulelærarutdanningane.

Resultata frå den nasjonale deleksamenen i haust i matematikk for grunnskulelærarutdanningane trinn 1–7 og 5–10 er no samanlikna, og resultata er dessverre ikkje oppløftande. Talet på studentar som gjennomførte eksamen, går også noko ned samanlikna med tidlegare.

Totalt var det om lag fire av ti som strøk på dei to eksamenane, og talet som stryk, er høgare enn nokon gong. Det bekymrar NOKUT-direktør Kristin Vinje.

– Det er trist å konstatere at resultata på desse eksamenane ikkje har blitt betre. I evalueringane NOKUT gjer av lærarutdanningane i Noreg, ser vi at det er mange som gjer veldig mykje riktig for norske lærarstudentar. Men i dette faget er det dessverre framleis mange studentar som får dårlege resultat, fortel Vinje.

Ho føler seg trygg på at eksamenen er godt forankra, og at den testar studentane på ein god måte.

– NOKUT og eksamensgruppa skal no evaluere årets eksamen, slik vi alltid gjer. Men sidan både eksamensgruppene og sensorane er anerkjende fagfolk frå dei ulike lærestadane, så er det faglege grunnlaget for denne eksamenen godt forankra, seier NOKUT-direktøren.

Markert forskjell mellom vår og haust

Nasjonal deleksamen i matematikk blir gjennomført to gongar i året, i mai og november. Det er om lag 1600 studentar, fordelt på 12 institusjonar og 22 studiestadar. Det er fleire studieprogram på grunnskulelærartrinn 1–7 som held ordinær eksamen på våren enn på hausten. Resultata er gjennomgåande noko dårlegare i haustsemesteret, men noko av dette kan forklarast med at det er fleire konte-eksamenar som blir halde på hausten. Det å samanlikne tala for vår og haust direkte kan derfor vere noko misvisande.

Del med andre