Rekordmange toppkarakterar for sjukepleiestudentane

Aldri før har så mange fått toppkarakter på anatomieksamen for alle sjukepleiestudentane i landet. Samtidig er strykprosenten på det lågaste nivået sitt sidan før pandemien.

I desember gjennomførte nærare 5 000 sjukepleiestudentar nasjonal deleksamen i anatomi, fysiologi og biokjemi, betre kjent som anatomieksamen blant studentane.

Resultatet viser at over 10 prosent av studentane fekk toppkarakteren A, og karaktersnittet ligg på det høgaste nivået sidan denne eksamenen blei gjennomført første gong i 2016.

At karaktersnittet aukar for tredje året på rad gler NOKUT-direktør Kristin Vinje.

– Vi ser ei stadig positiv utvikling i resultata frå studentane, og det er gledeleg! Her har mange faglærarar og studentar lagt ned ein stor innsats som gir gode resultat, og det kan dei vere stolte av, seier Vinje.

Den høge strykprosenten på denne eksamenen har fått mykje merksemd heilt sidan oppstarten, og framleis er det over 22 prosent som stryk. Likevel er det positivt at dette er det lågaste talet sidan 2019. Vi veit at mange bruk resultata i eige forbetringsarbeid, og det er oppmuntrande å sjå at fleire studentar lykkast, fortel NOKUT-direktør Kristin Vinje.

– Denne eksamenen skal sikre at studentane har tilstrekkeleg kunnskap om grunnleggjande tema innan sjukepleiefaget. Til sjuande og sist handlar dette om liv og helse for pasientane, så det er ikkje aktuelt å lempe på vanskegraden her for å få fleire igjennom, seier Vinje.

Eksamenen er utarbeidd av ei eksamensgruppe som består av faglærarar, emneansvarlege og andre ekspertar på fagfeltet. I tillegg har Norsk Sykepleierforbund Student bidrege i arbeidet med eksamen.

Mange med toppkarakter i Bergen

Resultata viser at heile 35 prosent av studentane ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen fekk toppkarakter, noko som er den høgaste i landet.

Elles er det som normalt store variasjonar mellom institusjonar og campusar, og strykprosenten varierer mellom under 5 prosent til over 40 prosent nokre stadar.

NOKUT-direktøren håper institusjonane bruker resultata og lèt seg inspirere av kvarandre.

– Nasjonal deleksamen skal gjere det mogeleg for fagmiljøa å finne gode inspirasjonskjelder i utviklinga av eigne studieprogram. Vi veit at mange bruk resultata og tala frå NOKUT til å utvikle programma sine vidare, og det håper eg dei held fram med, seier Vinje.

Del med andre