NOKUTs innspel til nye akkrediteringskrav for universitet

Krava for å bli akkreditert som universitet må bidra til å halde oppe og vidareutvikle høg kvalitet ved alle norske universitet.

Den regjeringsoppnemnde ekspertgruppa som vurderte akkrediteringskrava for universitet, leverte rapporten sin i januar i år. Mellom anna såg dei på om det er mogeleg å effektivisere akkrediteringsprosessen utan at det skal gå ut over kvaliteten. Vidare vurderte dei om nokon av dagens krav er uhensiktsmessige og om det kan vere behov for andre alternativ.

Rapporten har no vore på høyring, og NOKUT sende inn høyringssvaret sitt før fristen 3. mai.

– Ekspertgruppa gjorde ein god og grundig jobb, og rapporten deira er eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med akkrediteringskrava. Dei adresserer viktige problemstillingar og har mange gode tilrådingar. Vi støttar i stor grad tilrådingane, men peiker også på nokre område der vi meiner det er behov for ytterlegare presiseringar. Det viktigaste for oss er at krava må sikre og bidra til å utvikle høg kvalitet i utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid og formidling, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

I høyringssvaret har NOKUT lagt vekt på det som har særleg betydning for å sikre og utvikla utdanningskvaliteten, og det som har størst relevans for NOKUT. Det dreier seg mellom anna om foreslåtte krav det vil vera utfordringar med å operasjonalisera og etterleva.

Anbefaler ikkje strategi som vilkår eller heilskapleg vurdering

Ekspertgruppa foreslo at strategien til institusjonen skal inngå som eit vilkår for akkreditering, primært for at akkrediteringsvilkåra skal femne heile breidda i samfunnsoppdraget til universiteta, som også omfattar formidling, innovasjon og bidrag til regional utvikling. Til dette har NOKUT spelt inn at ei vurdering av strategien til institusjonane er lite eigna som vilkår for akkreditering, og vist til at det bør vere det reelle faglege nivået institusjonen ligg på som er avgjerande.

– Utforminga og det nærare innhaldet av ein strategi bør etter vårt syn liggje innanfor autonomien til institusjonane og ikkje vere gjenstand for statleg kontroll, seier Vinje.

Det er òg foreslått at kravet om heilskapleg vurdering skal praktiserast slik at dette blir ei reell tilleggsvurdering. På den måten kan dette kravet åleine vere avgjerande for om ein institusjon får akkreditering som universitet.

– Dette kan innebere ein risiko for rettstryggleiken til institusjonane, då det gir heimel til å nekte ein institusjon akkreditering som universitet, utelukkande på bakgrunn av ei skjønnsmessig heilskapsvurdering og på trass av at alle akkrediteringsvilkår er oppfylt, seier NOKUT-direktøren.

Eit slikt krav vil også vere utfordrande å operasjonalisere sidan det er uklart kva moment som skal kunne inngå i ei slik vurdering som ikkje blir fanga opp av resten av vilkåra for akkreditering.

Krav om talet på doktorgradar

Vidare foreslo gruppa å fjerna det særnorske kravet om fire doktorgradar for å bli akkreditert som universitet. Dei tilrår at breidda i verksemda i staden bør sikrast igjennom eit krav om at doktorgradane skal vere dekkjande for vesentlege delar av institusjonsverksemda.

– Definisjonen av kva som er eit universitet er svært ulik rundt om i verda. Noko av det særnorske er at det blir stilt krav om at institusjonen må ha minst fire eigne doktorgradsprogram, medan normalen elles i Europa er at det berre blir kravt eit slikt program. Å forandre dette kriteriet vil opne opp for at fleire typar institusjonar kan bli universitet, forklarer Vinje.

NOKUT er positive til dette forslaget, men har spelt inn at kravet må formulerast slik at det sikrar at doktorgradsområda skal dekkje vesentlege delar av den faglege verksemda til institusjonen. Det blir forstått som vesentlege delar av studieporteføljen, slik at studieprogram på bachelor- og masternivå i hovudsak fell inn under doktorgradsområda til institusjonen. Vidare anbefaler NOKUT at grunnlaget for vurderinga av kva som er "vesentlege delar av den faglege verksemda til institusjonen", blir omtalt nærare i forarbeida til forskrifta.

Ikkje-politisk vurdering bør liggje til grunn

Ekspertgruppa tilrår at "ein uavhengig, fagleg, ikkje-politisk vurdering skal liggje til grunn for ei avgjerd om å oppnå universitetsstatus.

– Gruppa understrekar at kriteria for å bli universitet og dei faglege fullmaktene som følgjer med dette bør fastsetjast politisk igjennom lov og forskrift, men at den endelege avgjerda om institusjonskategori bør fattast av NOKUTs styre – ikkje igjennom kongeleg resolusjon slik som i dag. Dette er ei vurdering NOKUT er samd i. Det handlar om at samfunnet skal kunne ha tillit til at universitetsstatus er noko ein kan oppnå dersom ein er på eit godt nok fagleg nivå til å bere det ansvaret statusen inneber, seier Vinje.

Les heile høyringssvaret frå NOKUT (pdf)

Del med andre