NOKUT akkrediterer bachelor i psykologi og digitale samspill ved Ekko Digitale AS

NOKUT har akkreditert bachelorutdanninga i psykologi og digitale samspill ved Ekko Digitale AS. Dette er det første akkrediterte studietilbodet til institusjonen innan høgare utdanning.

Før dei kan bli ein ny aktør i det norske utdanningslandskapet innan høgare utdanning, må dei søkje Kunnskapsdepartementet om og få innvilga retten til å tildele bachelorgrada.

– Eg vil gratulere Ekko Digitale AS med akkrediteringa, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Studietilbodet er nettbasert og har eit fagleg fundament i psykologi, med ein tydeleg profil mot digitale samspel. Det er forma ut for å vere relevant både for arbeidslivet og for vidare studiar, og det gir studentane innsikt i korleis psykologisk teori og metode kan nyttast i teknologiske kontekstar.

Akkrediteringa inneber at studietilbodet oppfyller dei nødvendige krava i forskrift til universitets- og høyskoleloven, det gjeld mellom anna krav til innhaldet i studiet, læringsutbyte, fagmiljø, undervisningsformer og kopling til forsking. Som ein del av høgare utdanning vil studiet bli følgt opp av NOKUT, og institusjonen vil inngå i NOKUTs rutinar for periodisk oppfølging.

Ny aktør i norsk høgare utdanning

Før denne akkrediteringa er det 48 utdanningsinstitusjonar som tilbyr høgare utdanning i Noreg. Av desse er 11 universitet, 9 vitskapelege høgskular og 14 akkrediterte høgskular. I tillegg finst det 14 høgskular som har akkrediterte studietilbod, men utan myndigheit til å akkreditere studietilbod sjølv. Ekko Digitale AS vil kome inn i denne kategorien, og vil med det bli den 49. institusjonen som tilbyr høgare utdanning.

Del med andre