LIMPI har styrkt kvalitetsarbeidet – får godkjent frå NOKUT

Det systematiske kvalitetsarbeidet ved Lillehammer Institute of Music Production & Industries (LIMPI) er no vurdert som tilfredsstillande.

Logo: LIMPI
Logo: LIMPI

Etter at NOKUT i mai 2024 konkluderte med vesentlege manglar, har høgskulen gjort eit solid arbeid med å rette opp og vidareutvikle kvalitetsarbeidet. Styret i NOKUT har no vedtatt at alle krava i universitets- og høgskuleforskrifta §§ 1-7 og 1-8 er oppfylte.

– LIMPI har tatt tilsynet på største alvor og vist korleis målretta innsats og godt lagarbeid kan gi resultat. Det er inspirerande å sjå korleis institusjonen har brukt opprettingsarbeidet til å styrkje kvalitetskulturen internt, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Den sakkunnige komiteen meiner at LIMPI på ein god måte har sørgt for systematisk dokumentasjon av kvalitetsarbeidet og for å forankre arbeidet i styret, leiinga og fagmiljøet. Komiteen framhevar særleg institusjonen si reflekterte tilnærming til kunstnarleg utviklingsarbeid og omtalar arbeidet som både inspirerande og eit døme til etterfølging for tilsvarande høgare utdanningsinstitusjonar.

Les tilsynsrapporten (pdf)

Fakta om LIMPI

LIMPI vart etablert i 2015 og er ein privat høgskule som utdannar låtskrivarar, artistar og produsentar og som rekrutterer studentar både nasjonalt og internasjonalt. Høgskulen har eitt studietilbod – videreutdanning i profesjonell musikkproduksjon og internasjonal musikkindustri (60 studiepoeng, heiltid).

LIMPI held til i Lillehammer sentrum, i eit spesialtilpassa lokale med mellom anna 17 studio og eit stort undervisningsrom med scene. Studieåret 2024/25 hadde LIMPI 66 studentar og 6,1 årsverk. Høgskulen får ikkje statstilskot, men har sidan oppstarten fått støtte frå Talent Norge og Sparebankstiftelsen DNB.

LIMPI og NOKUT

Som høgskule utan institusjonsakkreditering må LIMPI søkje NOKUT om akkreditering av alle nye studietilbod. NOKUT akkrediterte LIMPIs eine studietilbod i 2016. NOKUT-tilsynet i 2023/24 var det første ved institusjonen, og det resulterte i eit vedtak om vesentlege manglar og ein opprettingsfrist på tolv månader.

Etter opprettingsperioden har LIMPI dokumentert eit godt og systematisk kvalitetsarbeid som oppfyller alle krava i forskrifta.

Del med andre