Informasjon om nedetid i søkjarportalen for godkjenning av utanlandsk utdanning

Frå 1. desember blir søkjarportalen stengd for nye søknadar. Dette skjer i samband med at NOKUTs avdeling for utanlandsk utdanning blir flytta til nytt direktorat.

Stortinget vedtok i sommar at NOKUTs godkjenningsordningar for utanlandsk utdanning skal flyttast, og frå 1. januar 2023 flyttar desse tenestene til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

– For å sikre overføringa av informasjonen i datasystemet vil det være behov for å redusere tilgangen til søkjarportalen i ein periode, fortel seksjonssjef Einar Meier.

– Vi har forståing for at dette kan opplevast som problematisk for nokon, men for å sikre at innhaldet i søkjarportalen blir overført på ein forsvarleg måte, må vi dessverre ha noko nedetid, avsluttar han.

Mogleg med endringar i søknadar fram til 15. desember

Frå 1. desember 2022 til 1. februar 2023 vil søkjarportalen vera stengd for nye søknader.

I perioden fram til 15. desember vil det vera mogleg å fullføra påbyrja søknader, lasta opp ettersendingar, sjå vedtaksbrev og levera klager fram til 15. desember. Frå 15. desember er søkjarportalen heilt stengd.

I denne perioden må dei som har inne ein søknad om godkjenning, rekna med noko lengre saksbehandlingstid.

Information about downtime in the application portal for recognition of foreign education

Del med andre