Betring i matteresultat for grunnskulelærarstudentane

Strykprosenten går ned, og snittkarakterane går opp. Det er fasiten etter at sensuren på dei nasjonale deleksamenane i haust i matematikk for grunnskulelærarstudentane er gjennomførte.

Resultata frå den nasjonale deleksamenen i haust i matematikkdidaktikk for grunnskulelærarutdanningane, (GLU) for trinn 1–7 og 5–10, viser ei betring i resultata frå tidlegare år.

Blant dei som skal bli lærarar for dei minste barna (GLU 1–7), går strykprosenten ned frå over 40 prosent i 2022 til 29 prosent denne hausten. Både strykprosenten og karaktersnittet for desse studentane er på det beste nivået sidan denne eksamenen blei gjennomført for første gong i den noverande forma hausten 2020.

Blant dei som vil bli mattelærarar for 5–10 trinn, går strykprosenten ned frå nesten 38 prosent i 2022 til 23 prosent denne hausten. Også her går snittkarakteren opp og er det beste karaktersnittet vi har målt sidan oppstarten, samtidig som strykprosenten fell til nivåa frå 2020/2021.

Som tidlegare år er det stort sprik mellom dei ulike lærestadane, men dei positive resultata gler NOKUT-direktør Kristin Vinje.

– Dette var ein hyggjeleg start på det nye året! Særleg strykprosenten har vore bekymringsfull dei siste åra, og eg håper at desse resultata kjem av god innsats frå studentane og godt arbeid ved institusjonane, og at dei no kan hauste fruktene av dette framover, seier Vinje, som gjerne skulle sett at resultata mellom institusjonane jamna seg ut.

– Sjølv om snittet er betre enn før, er det framleis grunn til bekymring at resultata varierer så mykje. Vi har tidlegare sett at enkelte studiestadar har hatt stor framgang ved å bruke nasjonal deleksamen som eit reiskap til å styrkje delar av undervisninga og løfte evnene til studentane, det håper eg fleire vil gjere, seier Vinje.

Tidslinje for karakterfordeling GLU 1–7 2020–2023

Tidslinje for karakterfordeling GLU 5–10 2020–2023

Sjå større versjon, GLU 1–7 (png) | Sjå større versjon, GLU 5–10 (png)

Inspirer og lær av kvarandre

På eksamen skal studentane vise at dei både kan løyse algebraoppgåver og lære det bort til elevar på ulike nivå (matematikkdidaktikk). Algebra har historisk sett vore eit emne som norske elevar slit med, og NOKUT-direktøren håper at dette kan vere starten på ein positiv trend.

– Eit av måla med ein nasjonal eksamen der alle studentane blir testa i dei same spørsmåla, er å finne fram til dei gode døma på undervisning som gir god læring for studentane. Eg oppmodar institusjonane til å la seg inspirere og lære av kvarandre, slik at dei resultata vi ser her blir starten på ein positiv trend, avsluttar Vinje.

Noko forskjell mellom vår og haust

Nasjonal deleksamen i matematikk blir gjennomført to gongar i året, ein i mai og ein i november/desember.

Det er om lag 1 800 studentar, fordelt på 12 institusjonar og eit tjuetals studiestadar. Det er til dømes fleire studieprogram på grunnskulelærartrinn 1–7 som held ordinær eksamen på våren enn på hausten. Resultata dei siste åra er gjennomgåande noko svakare i haustsemesteret, men noko av dette kan forklarast med at det er fleire konte-eksamenar som blir halde på hausten. Det å samanlikne tala for vår og haust direkte kan derfor vere noko misvisande.

Del med andre