Nivåa i kvalifikasjonsrammeverket

Det norske kvalifikasjonsrammeverket har sju nivå (nivå 2–8). Kvart nivå i NKR har tilhøyrande standardar for læringsutbyteskildringar som vi kallar nivåskildringar eller deskriptorar og som bestemmer nivået på læringsutbyte. Ved opprettinga av NKR blei dei viktigaste kvalifikasjonane frå det formelle utdanningssystemet plassert direkte inn i kvalifikasjonsrammeverket. Her kan du lese meir om nivåinndelinga og nivåskildringane.

Nivåinndelinga

I det norske kvalifikasjonsrammeverket er det sju nivå (2–8). Grunnskulen er i dag den lågaste kvalifikasjonen og er innplassert på nivå 2. Det høgaste kvalifikasjonsnivået er nivå 8, der ein i dag finn doktorgrad (ph.d. og dr.philos) og kunstnarisk utviklingsprogram. I Noreg er det ikkje innplassert kvalifikasjonar på nivå 1, og det eksisterer difor heller ikkje nivåskildringar på dette nivået.

Dei ulike nivåa i kvalifikasjonsrammeverket skal representere ein progresjon. Det betyr at nivåa skal vise ein aukande grad av kompleksitet i læringsutbytet, og at dei byggjer på kvarandre. Det betyr likevel ikkje at det er naudsynt å fullføre ein kvalifikasjon på eitt nivå for å kunne gå vidare til ein kvalifikasjon på neste nivå. Det betyr heller ikkje at ein har rett til opptak til ein kvalifikasjon på neste nivå etter eit fullført læringsløp. Sjølv om det til dømes finst krav om å ha fullført vidaregåande opplæring for å få opptak til ei fagskuleutdanning eller til høgare utdanning er det i prinsippet ingenting i kvalifikasjonsrammeverket som seier at ein ikkje kan gjennomføre læringsløp oppover, nedover og sidevegs for det ein har gjort tidlegare. Det finst mange typar kvalifikasjonar som er naudsynt for opptak, men dette er ikkje regulert gjennom NKR og nivå i NKR. Tvert om er det eit uttalt mål om at NKR skal gjere det lettare å bevege seg på kryss og tvers i utdanningssystemet.

Til kvart nivå er det eit set med overordna nivåskildringar som skal indikere korleis ein skal forstå læringsutbytet på eit gjeve nivå og gje standardar for korleis ein skal utforme læringsutbyteskildringar for kvar kvalifikasjon. Les meir om læringsutbyte her.

På alle nivåa i NKR er det innplassert kvalifikasjonar frå det formelle utdanningssystemet. Då NKR blei etablert utforma myndigheitene nivåskildringar som skulle vere i tråd med nivået på dei mest sentrale kvalifikasjonane i utdanningssystemet. Gjennom lov- og regelverk som regulerer utdanning i Noreg sikrar myndigheitene i dag at kvalifikasjonane har eit læringsutbyte som minimum ligg på det nivået det har i NKR. Det er likevel viktig å understreke at nivået er definert utifrå nivåskildringane, ikkje utifrå dei kvalifikasjonane som er innplassert på det aktuelle nivået. Nivåa i kvalifikasjonsrammeverket og dei tilhøyrande nivåskildringane ligg fast uavhengig av kva kvalifikasjonar som er innplassert. To ting er særeigne for NKR:

  • Nivå 4 er delt i to sidestilte og jambyrdige sett med nivåskildringar. Desse er meint til å dekke inn to sentrale utdanningskvalifikasjonar som har svært ulik innretning: fullført fag- og yrkesopplæring på vidaregåande nivå (nivå 4A) og vidaregåande opplæring som fører til generell studiekompetanse (nivå 4B).
  • På nivåa 5 og 6 har det norske utdanningssystemet tradisjonelt hatt kvalifikasjonar som ikkje tilfredsstiller breidda i det ein normalt krev på desse nivåa. Difor har desse nivåa delnivå (5.1 og 6.1) som er vurdert som delnivå av dei fulle nivåa (5.2 og 6.2). 

Under finn du oversikt over nivåa i NKR og dei formelle utdanningskvalifikasjonane som er direkte innplassert.

Viftefigur

Nivåskildringar