Korleis er kvalifikasjonsrammeverket bygd opp?

Det norske kvalifikasjonsrammeverket er eit overordna rammeverk som på same tid skal gje ein standard for korleis ein kan skildre læringsutbytet av ein kvalifikasjon og uttrykke kva nivå kvalifikasjonen ligg på. På den måten seier det både noko om nasjonale kvalifikasjonar og korleis dei står i forhold til kvarandre. Ved å ha utdanningskvalifikasjonar innplassert på ulike nivå er NKR med å setje minimumskrav til nivået på læringsutbytet desse utdanningane skal ha.

NKR har på denne måten i dag ei viktig rolle i arbeidet med kvalitetssikring i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. Gjennom EQF kan NKR også bidra til å samanlikne kvalifikasjonar på tvers av land og utdanningssystem. Slik bidrar NKR til arbeidet med å godkjenne utanlandsk utdanning.

Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk og innplasserte kvalifikasjonar

Viftefigur

Kva er ein kvalifikasjon?

Ein kvalifikasjon er noko ein person kan få ved å oppnå eit visst læringsutbyte. Det føreset at læringsutbytet er dokumentert og at kvalifikasjonen er anerkjent av myndigheitene. I forskrift om NKR og EQF definerer ein kvalifikasjon som "et dokumentert læringsutbytte på et gitt nivå. Læringsutbyttet er vurdert etter bestemte kriterier og formelt godkjent av en ansvarlig myndighet". I dag er det berre dei viktigaste kvalifikasjonane frå det formelle utdanningssystemet som er anerkjent som kvalifikasjonar. Du finn oversikt over desse her

Kvalifikasjonar er definert ut ifrå læringsutbytet, altså det ein kandidat, student eller elev veit, kan og er i stand til å gjere som eit resultat av ein læringsprosess. Dette står i motsetnad til det vi kallar "innsatsfaktorar", altså det som går inn i læringsløpet (til dømes talet på år og timar, førelesingar, eksamenar, oppgåver, pensum, infrastruktur osv.). Dette betyr at utbytet av eit læringsløp skal kunne vurderast og godkjennast, uavhengig av innsatsfaktorane. Det er ved å sjå på utbytet og ikkje innsatsfaktorane at ein kan samanlikne kvalifikasjonar som har svært ulik struktur, oppbygning og plassering i eit system, til dømes frå ulike fag og skuletypar, eller frå ulike sektorar av samfunnet eller frå ulike land. Det betyr òg at to kvalifikasjonar kan ha læringsutbyte på same nivå av kompleksitet, sjølv om dei er svært ulike i omfang eller form. NKR skal vere i stand til å handtere alle typar dokumentert læringsutbyte så lengje dei er i tråd med strukturen i dei overordna nivåskildringane.

Regelverket for utdanningar i Noreg og regelverket knytt til NKR sikrar at kvalifikasjonar som har ein formell status i utdanningssystemet skal ha eit slikt dokumentert læringsutbyte. Dette regelverket stiller mellom anna minimumskrav til nivået på læringsutbytet til slike kvalifikasjonar. Til dømes vil regelverket som regulerer høgare utdanning i Noreg stille som krav at alle bachelorgradar har eit forventa læringsutbyte som minimum ligg på nivå 6 i NKR. På same måte gjev NKR ei felles ramme for korleis dette læringsutbytet skal utformast. NOKUT har eit ansvar for å sjå til at desse krava er oppfylt gjennom akkreditering og tilsyn av høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. I tillegg har høgare utdanningsinstitusjonar eit sjølvstendig ansvar for å følgje opp desse krava. På den måten stiller NKR krav til alle formelle kvalifikasjonar som gjer at dei er dokumenterbare, at dei kommuniserer utbytet av læringa og at dei er samanliknbare.

I arbeidet med kvalitet i utdanning forventar også NOKUT at institusjonane jobbar aktivt med læringsutbytet av studietilboda sine slik at læringsaktivitetane og rammene for utdanning er godt tilpassa læringsutbytet og slik at læringsutbytet er godt tilpassa det samfunnet har behov for. Det er difor NOKUT definerer læringsutbyte som eit eiget kvalitetsområde:

Nasjonale og regionale kvalifikasjonsrammeverk

Dei fleste landa i Europa, og fleire land utanfor, har nasjonale kvalifikasjonsrammeverk som regulerer ulike kvalifikasjonar. På den måten legg myndigheitene i desse landa føringar nedover for korleis dei enkelte nasjonale kvalifikasjonane skal kommunisere ut mot samfunnet. Samstundes er mange nasjonale kvalifikasjonsrammeverk òg kopla til regionale kvalifikasjonsrammeverk, slik at dei nasjonale kvalifikasjonsrammeverka kommuniserer oppover og til andre land.

Ei viktig side av kvalifikasjonsrammeverk er informasjonen og kommunikasjonen som ligg i skildringar av læringsutbyte og i nivået på kvalifikasjonar. Det kan ofte vere vanskeleg å samanlikne kvalifikasjonar på tvers av utdanningssystem eller sektorar, eller å forstå ein kvalifikasjon som kjem frå andre land. Regionale kvalifikasjonsrammeverk er meint til å gje ei felles ramme for ulike lands nasjonale kvalifikasjonsrammeverk og å fungere som eit verktøy for samanlikning. For Noreg er det det europeiske kvalifikasjonsrammeverket som fungerer regionalt. Det betyr at ingen kvalifikasjonar er direkte knytt til EQF, men at det berre er gjennom å ha eit offentleg kvalitetssikra læringsutbyte i eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk at kvalifikasjonar er vist til eit EQF-nivå.

Dei nasjonale kvalifikasjonsrammeverka er ofte ulikt utforma og har ulik struktur. Somme land har til dømes eit svært ope kvalifikasjonsrammeverk som inkluderer mange kvalifikasjonar utanfor det formelle utdanningssystemet. Andre har eit tett forhold mellom kvalifikasjonsrammeverket og utdanningssystemet. EQF gjev likevel rammer for å kunne samanlikne kvalifikasjonar frå ulike land.

Kvalifikasjonsrammeverkets struktur

NKR er strukturert langs to dimensjonar som strukturerer læringsutbyteskildringar i type og nivå. Den horisontale dimensjonen består av tre kategoriar av læringsutbytet. Når vi seier at ei læringsutbyteskildring skal seie kva ein kan forvente at ein person veit, kan og er i stand til å gjere etter ein læringsprosess så uttrykker vi dette via tre kategoriar i den horisontale dimensjonen: kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Det forventa læringsutbytet av ein læringsprosess kjem altså til uttrykk av læringsutbyteskildringar innanfor kunnskap, ferdigheiter eller generell kompetanse. Ein forstår normalt desse til å vere: 

Ikoner: Kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse

  • Kunnskap: Kunnskap er forståing av teoriar, fakta, omgrep, prinsipp, prosedyrar innanfor fag, fagområde og/eller yrke.
  • Ferdigheiter: Evne til å bruke kunnskap til å løyse problem og oppgåver. Det er ulike typar ferdigheiter: kognitive, praktiske, kreative og kommunikative.
  • Generell kompetanse: Generell kompetanse er å kunne bruke kunnskap og ferdigheiter på sjølvstendig vis i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarlegheit, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

 

 

 

Læringsutbyteskildringane er òg plassert langs ein vertikal dimensjon. Denne dimensjonen har 7 nivå (eller nivåa 2–8 i NKR) og uttrykker ein aukande grad av kompleksitet i læringsutbytet. Det betyr at di meir komplisert ei læringsutbyteskildring er, di høgare er nivået.

Figur over av dimensjonane

Det overordna læringsutbytet på ein kvalifikasjon blir gjerne uttrykt gjennom fleire læringsutbyteskildringar som til saman skal vise kva nivå den ligg på.

NKR inneheld ikkje sjølv fagspesifikke og konkrete læringsutbyteskildringar, men gjev ein overordna standard for korleis læringsutbyteskildringar skal vere strukturerte og kva språk denne standarden nyttar. Denne standarden blir gjerne kalla nivåskildringar eller deskriptorar. Målet med nivåskildringane er å gje klare døme på kva språk ein nyttar innanfor ein kategori og eit nivå, og skal vise ein klar progresjon mellom nivå. Vi skriv meir om læringsutbyte her.

Formålet med NKR

NKR har fleire formål som heng tett saman. Det er på same tid eit verktøy som skal styrke livslang læring i norsk kontekst og eit forvaltningsverktøy for nasjonale kvalifikasjonar. Dette inneber fleire ting: 

Livslang læring

NKR skal bidra til livslang læring ved at det vender merksemda vekk frå innsatsfaktorar og mot utbytet av ulike former for læring. Det betyr at det skal bidra til å verdsetje læring uavhengig av skuletype, fag eller sektor, uavhengig av kor læringa skjer og når i livet det skjer. I dokumentet som skildrar NKR understrekast det at det skal "fremje verdsetjing av kvalifikasjonar gjennom heile livet (livslang) og på alle arenaer (livsvid)". Det skjer på fleire ulike måtar

  • Informasjon og mobilitet:Det å uttrykke resultatet av læringa gjennom læringsutbyteskildringar skal bidra til at det er lettare for arbeidslivet og samfunnet for øvrig å forstå kompetansen til ein person. Informasjon om læringsutbytet og informasjon om nivå skal gjere kvalifikasjonar betre forstått, og dermed bidra til auka mobilitet. Det gjeld både mobilitet mellom sektorar og fag i Noreg og internasjonal mobilitet mellom ulike utdanningssystem. Informasjonen kan vere nyttig for tilsettingar på ein arbeidsplass, ved opptak til utdanning eller ved formell godkjenning av utdanning
  • Informasjon og gjennomsiktigheit: På same måte som NKR skal informere samfunnet om kva kompetanse ein kan forvente av personar som har fullført eit læringsløp skal informasjon om læringsutbyte og nivå bidra til at studentar og elevar betre forstår kva kompetanse dei kan forvente å sitje att med når dei går inn i eit læringsløp. På den måten skal NKR bidra til at kvalifikasjonar blir meir gjennomsiktige og til at studentar og elevar betre kan planleggje utdanningsløpet sitt og enklare kan ta eigarskap til sitt eiget læringsutbyte.
  • Fleksible læringsvegar: NKR skal gjere det lettare for personar å bevege seg mellom ulike læringsarenaar og læringsløp, samt motverke blindvegar i utdanningssystemet.
  • Realkompetanse: NKR skal understøtte og styrke ordningar for realkompetansevurdering ved at det blir lettare å forstå kva forventa læringsutbyte ein skal samanlikne realkompetanse med.
  • Ikkje-formell læring: NKR skal bidra til verdsetjing av læring som skjer utanfor det formelle utdanningssystemet, til dømes i arbeids- og organisasjonslivet.

Arbeid med utdanningskvalitet

I tillegg til å vere eit verktøy i arbeidet for livslang læring er NKR òg eit viktig forvaltningsverktøy i arbeidet med kvalitetssikring og kvalitetsutvikling innan utdanningssystemet. Dette skjer mellom anna ved at det er krav i lov og forskrift om at alle utdanningsløp skal ha formulert eit læringsutbyte med eit identifiserbart nivå. 

For høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning tyder det for det fyrste at alle studietilbod skal ha overordna læringsutbyteskildringar som er i samsvar med NKR og det nivået kvalifikasjonane er plassert på. Det tyder at myndigheitene mellom anna krev at det forventa utbytet av ei utdanning skal vere forståeleg og i tråd med innhaldet i utdanning, og at myndigheitene set minimumskrav til kompleksitetsnivået til studietilbodet. Du finn meir informasjon om korleis ein skal forstå desse krava i NOKUTs rettleiingar for høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning.

For det andre krev myndigheitene gjennom lov og forskrift at utdanningsinstitusjonane skal ha eit pedagogisk opplegg og eit vurderingssystem som er egna til å dekke heile det forventa læringsutbytet til studietilbodet. Myndigheitene krev òg av institusjonane at dei har kvalitetssikringssystem som er i stand til å kartleggje, vurdere og justere det forventa læringsutbytet eller måten dei skal oppnå det på.

 

Gå tilbake til hovudsida om NKR