Systematisk kvalitetsarbeid
Universitet og høgskular
Universitet og høgskular har ansvar for å sikre og vidareutvikle kvaliteten i utdanningane dei tilbyr.
Alle institusjonar skal ha eit kvalitetssystem som er skriftleg, tilgjengeleg og omfattar alle studietilboda. Kvalitetssystemet skal mellom anna beskrive ansvarsforhold, rapporteringslinjer, rutinar for kvalitetsarbeidet, arbeid med læringsmiljø og studentevalueringar.
Kvalitetsarbeidet skal vere ein del av institusjonen sitt strategiske arbeid og vere forankra i styret og leiinga på alle nivå. Studentar og tilsette skal medverke i kvalitetsarbeidet.
For å kunne vurdere og utvikle kvaliteten i utdanningane skal institusjonen ha tilstrekkeleg informasjon om kvaliteten i alle studietilbod. Informasjonen kan kome frå ulike kjelder, som studentevalueringar, tilbakemeldingar frå arbeids- og samfunnsliv og andre relevante undersøkingar.
Institusjonane skal systematisk kontrollere at studietilboda til ei kvar tid oppfyller gjeldande krav til akkreditering. Dei skal òg gjennomføre periodiske evalueringar av alle studietilbod som ledd i arbeidet med å vidareutvikle kvaliteten. I dei periodiske evalueringane skal studentar, representantar frå arbeids- eller samfunnsliv og eksterne fagfellar medverke.
Kunnskap og erfaringar frå kvalitetsarbeidet skal brukast til å forbetre og vidareutvikle utdanningane og vere ein del av grunnlaget for strategiske vurderingar og utvikling av studieporteføljen.
Dei nasjonale krava til det systematiske kvalitetsarbeidet ved universitet og høgskular er fastsette i universitets- og høgskolelova og universitets- og høyskoleforskriften. Se oversikt over lover og forskrifter for mer informasjon.
Les meir:
- Systematisk kvalitetsarbeid i høyere utdanning (pdf)
- Krav til akkrediterte studietilbod – høgare utdanning
Fagskular
Fagskulane er pålagde å ha eit tilfredsstillande internt system for kvalitetssikring som bidreg til kvalitetsutvikling, forbetringar og utdanninganes yrkesrelevans. Systemet skal også bidra til å avdekke eventuell sviktande kvalitet i utdanningane. Systemet for kvalitetssikring er fagskulens verktøy i kvalitetsarbeidet. Systemet skal vise måla, korleis kvalitetsarbeidet skal gjerast, ansvarsforholda og rapporteringslinjene.
For fagskular med akkrediterte fagområde skal skildringa av systemet også innehalde rutine for etablering av nye utdanningar og vise korleis dei gjennomfører vesentlege endringar av utdanningane.
Fagskulen skal setje mål for kvaliteten i utdanningane. Dei skal innhente tilbakemeldingar om kvaliteten i utdanningane frå studentar, tilsette, aktørar i yrkesfeltet og andre relevante kjelder. Informasjonen og resultata skal dei bruke til å vurdere om kvar enkelt utdanning har nådd måla fagskulen har satt for kvalitet i utdanningane. Desse vurderingane skal fagskulen bruke til å rette opp sviktande kvalitet og til å utvikle vidare kvaliteten i utdanningane sine.
Fagskulens arbeid skal vere forankra i fagskulens styre og leiing. Tilsette og studentane skal involverast i kvalitetsarbeidet. Fagskulane må sørge for tilfredsstillande dokumentasjon av arbeidet med kvalitet i utdanningane.
Nasjonale krav til system for kvalitetssikring ved fagskulane ligg i fagskoleloven § 5, fagskoleforskriften § 49 (Kunnskapsdepartementet) og i fagskoletilsynsforskriften kapittel 4 (NOKUT).
Les meir:
- Veiledning til fagskolens kvalitetsarbeid
- Krav til kvalitet i akkrediterte studietilbod – høgare yrkesfagleg utdanning