Systematisk kvalitetsarbeid – høgare utdanning

Universitet og høgskular

Universitet og høgskular har ansvar for å sikre og vidareutvikle kvaliteten i utdanningane dei tilbyr.

Alle institusjonar skal ha eit kvalitetssystem som er skriftleg, tilgjengeleg og omfattar alle studietilboda. Kvalitetssystemet skal mellom anna beskrive ansvarsforhold, rapporteringslinjer, rutinar for kvalitetsarbeidet, arbeid med læringsmiljø og studentevalueringar.
Kvalitetsarbeidet skal vere ein del av institusjonen sitt strategiske arbeid og vere forankra i styret og leiinga på alle nivå. Studentar og tilsette skal medverke i kvalitetsarbeidet.

For å kunne vurdere og utvikle kvaliteten i utdanningane skal institusjonen ha tilstrekkeleg informasjon om kvaliteten i alle studietilbod. Informasjonen kan kome frå ulike kjelder, som studentevalueringar, tilbakemeldingar frå arbeids- og samfunnsliv og andre relevante undersøkingar.

Institusjonane skal systematisk kontrollere at studietilboda til ei kvar tid oppfyller gjeldande krav til akkreditering. Dei skal òg gjennomføre periodiske evalueringar av alle studietilbod som ledd i arbeidet med å vidareutvikle kvaliteten. I dei periodiske evalueringane skal studentar, representantar frå arbeids- eller samfunnsliv og eksterne fagfellar medverke.

Kunnskap og erfaringar frå kvalitetsarbeidet skal brukast til å forbetre og vidareutvikle utdanningane og vere ein del av grunnlaget for strategiske vurderingar og utvikling av studieporteføljen.

Dei nasjonale krava til det systematiske kvalitetsarbeidet ved universitet og høgskular er fastsette i universitets- og høgskolelova og universitets- og høyskoleforskriften. Se oversikt over lover og forskrifter for mer informasjon.

Les meir: