Styrkjer utdanningssamarbeidet med Kina

18. april underskreiv Noreg og Kina avtale om gjensidig godkjenning av kvalifikasjonar innan høgare utdanning. Målet er fleire fagleg relevante utvekslingsavtalar mellom norske og kinesiske universitet og høgskular.

– Etter normaliseringa av det politiske forholdet mellom Noreg og Kina i 2016, har samarbeid innan høgare utdanning fått ein viktig plass på norsk agenda, seier Terje Mørland, direktør i NOKUT.

Han var med då ein stor norsk utdanningsdelegasjon gjesta Beijing i april.

– Kina er frå Noregs side ein høgt prioritert samarbeidspartnar i norsk internasjonalt utdanningssamarbeid, noko som og er spegla i regjeringa sin Panoramastrategi, seier Mørland.

Kina satsar på utdanning

– Kina har som mål å bli internasjonalt leiande innan global utdanning før 2050 og lanserer store satsingar og reformer på alle nivå av utdanningssystemet. Landet ønskjer og å spele ei større rolle i fastsetjinga av internasjonale standardar for akademisk mobilitet. Kina er eitt av fem land som har ratifisert "Asia-Pacific Regional Convention on the Recognition of Qualifications in Higher Education", som trådde i kraft i februar 2018, fortel Stig Arne Skjerven, direktør for utanlandsk utdanning i NOKUT.

Under gjestinga i Beijing fekk den norske delegasjonen djupare innsikt i det som per i dag er det største utviklingsprosjektet i landet innan høgare utdanning, kalla "Double First-Class Initiative". 42 kinesiske universitet og 465 fagområde frå 140 lærestader har så langt fått ekstra midlar for å konkurrere blant dei beste i verda. Realfag og ingeniørfag dominerer lista over fagområde, men den inkluderer og helsefag, samfunnsfag, humaniora og tradisjonelle kinesiske studiar. Universitet som ikkje når målsetjingane vil bli ekskluderte frå prosjektet.

– Mange norske universitet har allereie avtalar med lærestader som blir omfatta av dette initiativet, og det er grunn til å tru at denne satsinga vil kunne kome vidare samarbeid mellom Kina og Noreg til gode, fortel Skjerven.

Samarbeidet skal auke kvaliteten

For NOKUT er det avgjerande at internasjonalt samarbeid faktisk skal auke kvaliteten på det samla læringsutbyttet til studentane. Det er ikkje nødvendigvis slik at det har vore det viktigaste når norske universitet og høgskular har inngått samarbeidsavtalar. Det er derfor noko NOKUT-direktør Terje Mørland vil understreke helt til slutt:

– Utvekslingsopphald i utlandet for studentar som går på norske studieprogram, må vere fagleg relevante. Det er såleis ein føresetnad at både norsk og kinesisk fagmiljø er involverte i utvikling og fagleg sikring av internasjonalt utdanningssamarbeid.

Del med andre