Steinerhøyskolen får akkreditering som høgskule

NOKUT har godkjent Steinerhøyskolens kvalitetsarbeid og fatta vedtak om akkreditering som høgskule.

Logo: Steinerhøyskolen
Logo: Steinerhøyskolen

Dei siste åra har Steinerhøyskolen arbeida for å oppnå akkreditering som høgskule. Ei slik akkreditering gir høgskulen utvida fullmakter til å opprette nye studietilbod på bachelornivå utan å søke NOKUT om godkjenning. Steinerhøyskolen sende søknad om akkreditering til NOKUT 1. november 2023.

For å få ei slik akkreditering må høgskulen mellom anna ha eit godkjent kvalitetsarbeid.

I dag fatta styret i NOKUT vedtak om at kvalitetsarbeidet er tilfredsstillande, og at Steinerhøyskolen også tilfredsstiller alle dei andre krava til akkreditering som høgskule. Dermed kan Steinerhøyskolen sleppe jubelen laus.

– Dette er ein viktig milepæl for Steinerhøyskolen og eit godt døme på korleis institusjonar kan utvikle seg gjennom målretta arbeid med kvalitet og strategi, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje, som gratulerer med dei utvida fullmaktene.

Kvalitetsarbeidet godkjent på andre forsøket

Etter eit tilsyn i 2024 fekk Steinerhøyskolen vedtak om enkelte manglar i sitt systematiske kvalitetsarbeid. Manglane var av ein slik art at institusjonen måtte gjennomføre tiltak for at dei sakkunnige kunne ha tillit til at institusjonen sitt kvalitetsarbeid sikrar og vidareutviklar utdanningskvaliteten. Desse manglane er retta opp i, og høgskulen dokumenterer no ein tilfredsstillande systematikk i kvalitetsarbeidet.

Den sakkunnige komiteen som har vurdert søknaden, peikar på at Steinerhøyskolen har ein tydeleg og gjennomarbeidd strategi både for perioden 2021–2025, med institusjonsakkreditering som hovudmål, og framover mot 2030. Komiteen meiner også at Steinerhøyskolen har føresetnader for å forvalte akkrediteringsfullmaktene på ein god måte. Han framhevar også at høgskulen har ein stabil utdannings- og FoU-verksemd, ein tydeleg fagleg profil innan steinerpedagogikken og aktive nasjonale og internasjonale nettverk.

Les rapportane:

Steinerhøyskolen – Periodisk tilsyn med systematisk kvalitetsarbeid (pdf)

Steinerhøyskolen – Søknad om akkreditering som høyskole (pdf)

Fakta

Steinerhøyskolen er ein privat høgskule organisert som stifting. Høgskulen vart etablert i 1981 for å utdanne lærarar til steinerskular i Noreg og Norden. I dag tilbyr høgskulen mellom anna bachelorutdanningar i steinerpedagogikk for lærar og barnehagelærar, grunnskulelærarutdanning i samarbeid med OsloMet, mastergrad i steinerpedagogikk og årsstudium i kunstfag. Hausten 2024 hadde høgskulen 255 studentar fordelte på seks studietilbod, og det er til saman 20 årsverk i faste faglege og administrative stillingar.

NOKUT er eit eksternt kvalitetssikringsorgan som mellom anna fører tilsyn med kvalitetsarbeidet ved alle norske universitet og høgskular og behandlar søknader om akkreditering. Vedtaket om institusjonsakkreditering gir Steinerhøyskolen større fagleg handlingsrom og ansvar for å sikre kvaliteten i nye studietilbod.

Del med andre