Ny fagområdeakkreditering for Norges grønne fagskole – Vea

NOKUT har akkreditert fagområdet Landskaps- og anleggsfag ved Norges grønne fagskole – Vea. Vedtaket blei fatta av NOKUTs styre 13. juni.

Logo: Norges grønne fagskole – Vea
Logo: Norges grønne fagskole – Vea

– Vi gratulerer Norges grønne fagskole – Vea med ny fagområdeakkreditering. Dette gir fagskulen større fagleg handlingsrom og mogelegheit til å utvikle fleire relevante utdanningstilbod innan landskaps- og anleggsfag, seier Kristin Vinje, direktør i NOKUT.

Les akkrediteringsrapporten her (pdf)

Med dette vedtaket har Vea to fagområdeakkrediteringar: Grønne design- og miljøfag frå 2012 og no Landskaps- og anleggsfag.

Landets første fagområdeakkreditering

Vea er ein statleg fagskule, ått og styrt av Kunnskapsdepartementet, med hovudsete i Moelv i Ringsaker kommune. Fagskulen tilbyr utdanning innanfor mellom anna gartnarfag, anleggsgartnarfag og blomsterdekorasjon og har godkjende studiestadar fleire stadar i landet. Vea har i dag om lag 300 studentar.

Fagskulen fekk Noregs første fagområdeakkreditering i 2012, og i 2020 vart fagområdet utvida til å kunna omfatte fleire studietilbod innanfor Grønne design og miljøfag. I november 2023 leverte dei søknaden om Landskaps- og anleggsfag, som no er godkjent.

Akkreditering gir fagleg sjølvstende

Med fagområdeakkreditering kan ein fagskule opprette og leggje ned utdanningstilbod innan det aktuelle fagområdet utan å søkje NOKUT om godkjenning for kvart enkelt studietilbod. Med det kan dei raskare omstille seg når nye behov frå arbeidslivet dukkar opp eller fell frå.

Del med andre