NOKUT lanserer nye søknadsportalar for høgskular, universitet og fagskular

Alle akkrediteringssøknader om utdanningstilbod kan leverast igjennom den nye løysinga.

Frå 1. desember kan høgskular, universitet og fagskular som ønskjer å sende inn ein søknad om utdanningstilbod til NOKUT, sende han igjennom ein av dei nye søknadsportalane til NOKUT.

Bakgrunnen for at NOKUT har utvikla nye søknadsportalar er at dagens saksbehandlingssystem blir overført til HK-dir frå 1. januar, når dei overtar ansvaret for godkjenning av utanlandsk utdanning.

Sjølv om søknadsportalane blir no lanserte, er ikkje all funksjonalitet heilt på plass, fortel tilsynsdirektør Nina Waaler.

– For institusjonane vil den nye portalen nok opplevast som enklare i bruk enn den gamle. Men sett i lys av NOKUTs ressurssituasjon, har vi lansert portalane med eit minimum av kva vi treng i dag. Målet er å byggje vidare på denne grunnmuren i framtida, fortel Nina Waaler.

Oppdateringar og informasjon om nye funksjonar vil bli kommunisert til brukarane direkte i portalane, og i brev til institusjonane.

Gjennomgang på webinar

Institusjonane er allereie varsla om dei nye portalane igjennom informasjonsbrev, men NOKUT vil også arrangere to webinarer, der funksjonaliteten i portalane blir gjennomgått. Det vil også vere høve til å stille spørsmål til både NOKUT og utviklarane av portalane.

Begge webinarene blir arrangert 8. desember.

Les meir: Webinar for høgskular og universitet
Les meir: Webinar for fagskular

Del med andre