Kvalitetsarbeidet ved Kunsthøgskolen i Oslo er godkjent

NOKUT har godkjent det systematiske kvalitetsarbeidet ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO). Manglane som vart funne i det førre tilsynet med kvalitetsarbeidet, er no retta opp.

I vedtaket som NOKUT fatta hausten 2021, gjekk det fram at KHiO hadde vesentlege manglar i det systematiske kvalitetsarbeidet, og høgskulen fekk eit år på å rette opp manglane.

Opprettingsåret har gått, og NOKUT har gjennomført eit nytt tilsyn. Den sakkunnige komiteen vurderer no at KHiO har retta opp i dei manglane komiteen peika på i 2021, og at det systematiske kvalitetsarbeidet ved KHiO dermed er tilfredsstillande. Torsdag 14. desember fatta NOKUT vedtak i tråd med tilrådinga til komiteen og godkjende kvalitetsarbeidet ved høgskulen.

– At KHiO no får godkjent kvalitetsarbeid, viser at høgskulen har tatt tak i utfordringane. Det kjem også fram i tilbakemeldingane frå den sakkunnige komiteen i tilsynsrapporten. KHiO har blant anna revidert kvalitetssystemet, sett i gang med periodiske evalueringar og fått på plass ein ny strategi. Det er tydeleg at dei tilsette ved KHiO har jobba hardt og fått gode resultat på kort tid, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

KHiO har gjennomført eit omfattande arbeid for å svare opp manglane. Den sakkunnige komiteen gir i rapporten fleire råd og anbefalingar, som saman med det reviderte kvalitetssystemet vil kunne støtte KHiO i det vidare kvalitetsarbeidet.

Les tilsynsrapporten (pdf)

Del med andre