NOKUT akkrediterer profesjonsutdanning i psykologi ved UiA

NOKUT har fatta vedtak om akkreditering av profesjonsutdanning i psykologi ved Universitetet i Agder (UiA). Dermed kan dei søkje Kunnskapsdepartementet om retten til å tilby graden.

Logo: Universitetet i Agder
Logo: Universitetet i Agder

– Eg vil gratulere Universitetet i Agder med dette vedtaket. Dei har vist at dei oppfyller alle akkrediteringskrava for å kunne tilby profesjonsutdanning i psykologi, seier seksjonsleiar Hege Brodahl i NOKUT.

I februar fekk UiA tilsegn om akkreditering av NOKUT. Kravet då var at universitetet måtte styrke fagmiljøet innan utviklingspsykologi før studietilbodet kunne bli akkreditert, UiA fekk eit år på seg  til å dokumentere at fagmiljøet var styrka. UiA har allereie levert inn dokumentasjon på at dette er gjort, dei sakkunnige har vurdert at fagmiljøet er tilstrekkeleg styrka og NOKUT kunne dermed akkreditere utdanninga.

– Før universitetet kan starte opp studietilbodet, må dei søkje Kunnskapsdepartementet om rett til å tildele graden, avsluttar Brodahl.

Vurdert av sakkunnige

Søknadane om akkreditering har blitt vurdert av ein fagleg komité beståande av personar med relevant bakgrunn og erfaring innan same fagområde. UiA sendte den første søknaden om akkreditering av profesjonsutdanning i psykologi i 2021, men fekk avslag på søknaden. Søknaden som nå er  godkjent, blei sendt NOKUT til søknadsfristen i september 2023.

Den sakkunnige komiteen har vurdert at alle krava for akkreditering er oppfylt, og NOKUT har akkreditert profesjonsstudiet basert på tilrådinga frå dei sakkunnige. Komiteen har i rapporten også gitt råd om korleis UiA kan vidareutvikla studietilbodet utover krava til akkreditering.

Les heile rapporten med vedtak (pdf)

Del med andre