Klagenemnd

Kunnskapsdepartementet har utnemnt to klagenemnder for NOKUT sine vedtak, ei for høgare utdanning og ei for høgare yrkesfagleg utdanning.

Alle vedtak NOKUT fattar kan påklages. Dette følgjer av forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå orientering om vedtaket har kome fram til søkar.

Klagen sendes til NOKUT. Viss NOKUT ikkje finn grunnlag for å omgjere vedtaket, vert saka sendt til NOKUT si klagenemnd, som fattar endeleg vedtak.

Mandat

Klagenemnda kan vurdere om NOKUT har gjort saksbehandlingsfeil, rettsbruksfeil og om det finnast maktmisbruk, usakleg forskjellsbehandling eller andre brot på forvaltningsrettslege prinsipp.

Klagenemnda kan ikkje overprøve NOKUT si vurdering av nivået til den avlagte utdanninga og omfang og heller ikkje vurderingane til NOKUT sine sakkunnige.

Medlemer

Medlemene i dei to klagenemdene utnemnes for fire år om gången (studentmedlemene for to år). Samansetjinga av dei to klagenemndene er delvis overlappande.