NOKUT som arbeidsplass

NOKUTs arbeid skal medverke til at samfunnet har tillit til kvaliteten i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. NOKUT har rundt 100 tilsette og held til på Lysaker.

Kva jobbar NOKUT med?

NOKUT er tilsynsmynde for utdanningar ved norske universitet, høgskular og fagskular. NOKUT tilverkar og tilrettelegg informasjon om utdanningskvalitet. Vi er også ansvarlege for den nasjonale studentundersøkinga, Studiebarometeret. I tillegg gjennomfører vi nasjonale deleksamener for sjukepleieutdanningane, grunnskulelærarutdanningane og barnevernfaglege masterutdanningar.

NOKUT er eit fagleg uavhengig organ under Kunnskapsdepartementet med eit eige styre som øvste vedtaksorgan. NOKUT blir leia av administrerande direktør Kristin Vinje og er organisert i tre fagavdelingar. I tillegg kjem interne fellesfunksjonar. NOKUT har rundt 100 ansatte. 

Kven jobbar i NOKUT?

Tilsette i NOKUT har solid kompetanse innan arbeidsområda sine. Dei fleste har høgare utdanning på mastergradnivå og erfaring frå kunnskapssektoren og/eller offentleg forvaltning. Vi arbeider for å få til ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og eit etnisk mangfald.

Kven søkjer vi?

Vi søkjer kompetente og engasjerte medarbeidarar som kan medverke til å utøve samfunnsoppdraget til NOKUT på ein best mogeleg måte. I dei fleste stillingane ønskjer vi at du har høgare utdanning, normalt på mastergradnivå. Ein del stillingar i NOKUT krev solid arbeidserfaring, men vi rekrutterer også nyutdanna.

Vi har norsk som arbeidsspråk, og det er ein føresetnad at medarbeidarane våre meistrar dette munnleg så vel som skriftleg.

Haldningar og kultur

For å kunne utøve samfunnsoppdraget vårt på ein best mogeleg måte, er det vesentleg at medarbeidarane i NOKUT identifiserer seg med nokre felles haldningar og etterlever desse i arbeidet sitt i organisasjonen.

NOKUT knyter dette til tre nøkkelord som skal prege organisasjonen som heilskap og gir føringar for den einskilde si åtferd eksternt og internt:

  • etterretteleg
  • imøtekomande
  • nytenkjande

Karriere og kompetanse

I NOKUT definerer vi kompetanse som samla kunnskapar, dugleikar, evner og haldningar som gjer det mogeleg å utføre aktuelle funksjonar og oppgåver i tråd med definerte krav og mål.

Vi legg stor vekt på målretta kompetanseutvikling og har systematiserte prosessar rundt dette gjennom eit årshjul for faste medarbeidarsamtalar og kombinasjonar av individuelle og kollektive utviklingstiltak.

Vi legg stor vekt på å vere ein attraktiv arbeidsplass som gjer det mogeleg å rekruttere og behalde riktig kompetanse. Vi har utvikla ein lokal lønnspolitikk som skal fungere som eit aktivt verkemiddel i utviklinga av NOKUTs fag- og kompetanseprofil.

Leiing og arbeidsmiljø

Vi ønskjer at NOKUT skal kjenneteiknast av engasjerte og motiverte medarbeidarar og leiarar som medverkar optimalt i utøvinga og utviklinga av samfunnsoppdraget til NOKUT.

Leiing i NOKUT skal medverke til å skape resultat saman med og gjennom andre. Leiarar har i tillegg ei nøkkelrolle i å forbetre arbeidsmåtane våre gjennom læring og nytenking og å medverke til eit godt arbeidsmiljø.

NOKUT arbeider for å få til eit inkluderande arbeidsmiljø prega av tryggleik, kunnskapsdeling, toleranse og respekt. Vi er eit IA-verksemd (inkluderande arbeidsliv) og legg vekt på førebyggjande helsearbeid og ein livsfaseorientert personalpolitikk. Når vi har høve til det, samarbeider vi med NAV med tilbod om praksisplassar for personar som ønskjer å prøve ut arbeidsevna si.