Eit panel av sakkunnige vurderer søknadene om akkreditering
NOKUT bruker panel av sakkunnige når vi behandlar akkrediteringssøknader for fagskuleutdanningar. Men kva er eigentleg eit panel av sakkunnige, og kvifor bruker NOKUT dei? Kva gjer NOKUT viss ein søknad er frå eit anna fagområde enn dei vi har panel for? I denne artikkelen svarer vi på disse spørsmåla.
NOKUT bruker sakkunnige når vi akkrediterer nye fagskuleutdanningar
NOKUT skal bruke sakkunnige når vi akkrediterer nye fagskuleutdanningar (fagskoleforskriften § 46 (lovdata.no)). Det finst krav til kva for kompetanse dei sakkunnige skal ha (fagskoletilsynsforskriften § 5-3 (lovdata.no)). Dei sakkunnige må òg vere habile (forvaltningsloven kapittel II (lovdata.no)).
Årsaka til at regelverket krev at NOKUT skal bruke sakkunnige, er at dei sakkunnige har fagkunnskap som saksbehandlarane i NOKUT ikkje har. Dei sakkunnige skal hjelpe NOKUT med å vurdere om ei utdanning oppfyller krava til akkreditering. Dei sakkunnige gjer NOKUT eit råd, men det er NOKUT som gjer vedtak i saka.
I nokre saker gjer NOKUT vedtak om å avvise eller avslå søknaden utan at vi utnemner sakkunnige. Det kan vi gjere når søknaden anten openbert ikkje fyller krava for akkreditering, eller når søknaden er ueigna for vurdering av sakkunnige (fagskoleforskriften § 47 (lovdata.no)).
NOKUT bruker panel av sakkunnige for å behandle søknader raskt og likt
Når NOKUT behandlar søknader om akkreditering av fagskuleutdanningar, set vi saman panel av sakkunnige som vurderer fleire søknader innan eitt eller to fagområde. I kvart panel er det fire sakkunnige. Normalt representerer éin av dei studentane. Til saman skal dei fire dekke krava til kompetanse i fagskoletilsynsforskriften. Dersom de har søkt om akkreditering, får de uttale dykk om samansetninga av panelet før NOKUT utnemner det (fagskoletilsynsforskriften § 5-3 (lovdata.no)).
Årsaka til at NOKUT set saman panel som vurderer søknader gruppevis, er at vi mottar om lag 30–50 søknader kvar søknadsfrist. Ordninga med panel gjer det mogleg å behandle søknadene raskt. Dette veit vi er viktig for søkarane og for samfunnet. Vidare bidrar ordninga til at vi i NOKUT får kvalitetssikra vurderingane våre på tvers og over tid.
NOKUT supplerer panelet med ein sakkunnig fagperson når det trengst
Av og til får NOKUT søknader som ikkje høyrer til eit av dei same fagområda som dei andre søknadene som kom inn til same frist. I slike tilfelle utnemner NOKUT ein sakkunnig fagperson, som saman med eit av panela dekker krava til dei sakkunnige si kompetanse. Den sakkunnige fagpersonen gir ei supplerande vurdering. Dersom NOKUT ser at vi må kople på ein sakkunnig fagperson for å vurdere søknaden dykkar, vil NOKUT ta kontakt og foreslå ein person. De vil få uttale dykk om forslaget, slik som for det sakkunnige panelet.