Systematisk kvalitetsarbeid og kvalitetsutvikling

Universitet og høgskular

Det systematiske kvalitetsarbeidet ved universitet og høgskular skal sikre og medverke til å utvikle kvaliteten i studietilboda og avdekkje sviktande kvalitet. For å kunne vurdere kvaliteten i studietilboda må det innhentast informasjon frå relevante kjelder, for eksempel skal det inngå i kvalitetsarbeidet å gjennomføre periodiske evalueringar av eigne studietilbod.

Kunnskap frå kvalitetsarbeidet skal brukast til å utvikle kvaliteten. Meir spesifikt skal også institusjonane kontrollere at studietilboda tilfredsstiller kvalitetskrava som er bestemte av institusjonen sjølv og på nasjonalt nivå. Resultat frå kvalitetsarbeidet skal inngå i kunnskapsgrunnlaget til institusjonen når dei vurderer og strategisk utviklar den samla studieporteføljen. Institusjonen skal dokumentere kvalitetsarbeidet og det skal vere forankra i strategien og leiinga ved institusjonen.

Nasjonale krav til det systematiske kvalitetsarbeidet ved universitet og høgskular er fastsette i forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høyere utdanning og fagskoleutdanning (Kunnskapsdepartementet) og i studietilsynsforskriften (NOKUT).

Les meir om Krav til kvalitet i akkrediterte studietilbod – høgare utdanning

Fagskular

Fagskulane er pålagde å ha eit tilfredsstillande internt system for kvalitetssikring som bidreg til kvalitetsutvikling, forbetringar og utdanninganes yrkesrelevans. Systemet skal også bidra til å avdekke eventuell sviktande kvalitet i utdanningane. Systemet for kvalitetssikring er fagskulens verktøy i kvalitetsarbeidet. Systemet skal vise måla, korleis kvalitetsarbeidet skal gjerast, ansvarsforholda og rapporteringslinjene.

For fagskular med akkrediterte fagområde skal skildringa av systemet også innehalde rutine for etablering av nye utdanningar og vise korleis dei gjennomfører vesentlege endringar av utdanningane.

Fagskulen skal setje mål for kvaliteten i utdanningane. Dei skal innhente tilbakemeldingar om kvaliteten i utdanningane frå studentar, tilsette, aktørar i yrkesfeltet og andre relevante kjelder. Dei skal også innhente resultat frå eigen internkontroll. Informasjonen og resultata skal dei bruke til å vurdere om kvar enkelt utdanning har nådd måla fagskulen har satt for kvalitet i utdanningane. Desse vurderingane skal fagskulen bruke til å rette opp sviktande kvalitet og til å utvikle vidare kvaliteten i utdanningane sine.

Fagskulens arbeid skal vere forankra i fagskulens styre og leiing. Tilsette og studentane skal involverast i kvalitetsarbeidet. Fagskulane må sørge for tilfredsstillande dokumentasjon av arbeidet med kvalitet i utdanningane.

Nasjonale krav til system for kvalitetssikring ved fagskulane ligg i fagskoleloven § 4fagskoleforskriften § 49 (Kunnskapsdepartementet) og i fagskoletilsynsforskriften kapittel 4 (NOKUT).

Les meir om Veiledning til fagskolens kvalitetsarbeid og Krav til kvalitet i akkrediterte studietilbod – høgare yrkesfagleg utdanning.

Fant du det du lette etter?



Total: 0 kr