Kven må søkje NOKUT om akkreditering?

Universitet, høgskular og fagskular har ulike fullmakter når det gjeld mogligheit til å etablere nye utdanningstilbod.

Universiteta har rett til å akkreditere alle studietilboda sine sjølve.

Vitskaplege høgskular og akkrediterte høgskular har sjølvakkrediteringsrett på bachelorgradnivå for alle fagområde. For fagområda der institusjonane har rett til å skrive ut doktorgrad har dei sjølvakkrediteringsrett for studietilbod på både lågare og høgare gradnivå. For fagområde utanom doktorgradområda må akkrediterte høgskular og vitskaplege høgskular søkje NOKUT om akkreditering av nye mastergrad- og ph.d-studium.

Fullmaktene følgjer av universitets- og høyskoleloven.

Høgskular utan institusjonsakkreditering må søkje NOKUT om akkreditering av kvart einaste studietilbod dei ønskjer å opprette. Dette gjeld også dei fleste fagskular. Nokre få fagskular har fått fagområdeakkreditering av NOKUT, som tyder at dei kan akkreditere studietilbod på eiga fullmakt innanfor det akkrediterte fagområdet.

Når universitet, høgskular og fagskular akkrediterer studietilbod på eigne fullmakter, må tilboda tilfredsstille krava i dei respektive lovene og forskriftene frå Kunnskapsdepartementet og NOKUT.

Finn informasjon om