Krav til kvalitet i godkjende/akkrediterte studietilbod – fagskuleutdanning

Førebels er det tre fagskular som har godkjende fagområde og dermed rett til på eiga fullmakt å godkjenne/akkreditere nye studietilbod, innan det godkjende fagområdet. Alle studietilbod ved fagskular skal tilfredstille dei nasjonale krava om utdanningskvalitet. Dette gjeld også for studietilboda som fagskulane med fagområdegodkjenning, sjølv akkrediterer på eiga fullmakt. Krava til kvaliteten i studietilbod er fastsette i fagskolelovenforskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høyere utdanning og fagskoleutdanning (Kunnskapsdepartementet) og i fagskoletilsynsforskriften (NOKUT).

Det er fleire sider ved studietilboda som må følgjast opp gjennom kvalitetsvurderingar, som det faglege innhaldet i studietilbodet, organiseringa og gjennomføringa av undervisninga og læringa i tillegg til vurderinga og kompetansen til dei som undervisar og rettleier studentane.

NOKUT har utarbeidt rettleiing for dei som skal søkje NOKUT om godkjenning/akkreditering av studietilbod. Denne kan vere nyttig også for dei som akkrediterer studietilbod på eiga fullmakt.

Søkjarrettleiing frå NOKUT