Krav til kvalitet i akkrediterte studietilbod – høgare utdanning

Alle studietilbod ved universitet og høgskular skal tilfredsstille dei nasjonale krava til utdanningskvalitet. Dette gjeld også for studietilboda  institusjonane sjølve akkrediterer på eiga fullmakt. Krava til kvaliteten i studietilbod er fastsette i kapittel 3 i forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høyere utdanning og fagskoleutdanning (Kunnskapsdepartementet) og i kapittel 2 i studietilsynsforskriften (NOKUT).

Fleire sider ved studietilboda må følgjast opp gjennom kvalitetsvurderingar, som innhaldet i studietilbodet, organiseringa og gjennomføringa av undervisninga og læringa i tillegg til vurderinga og kompetansen til dei som undervisar. Mange som akkrediterer på eiga fullmakt har nytte av rettleiinga for institusjonar som skal søkje NOKUT om akkreditering av studietilbod.

Søkjarrettleiingar frå NOKUT

Forskrift frå Kunnskapsdepartementet

Forskrift frå NOKUT