Akkreditering av høgare yrkesfagleg utdanning
NOKUT har ansvar for å akkreditere høgare yrkesfagleg utdanning i Noreg. Berre skular som har akkrediterte fagskuletilbod kan kalle seg fagskular.
NOKUT akkrediterer følgjande:
- fagskuletilbod
- fagområde
Dersom du allereie har registrert søknad, kan du sjekke/oppdatere den her:
Ny fagskuletilsynsforskrift gjelder frå 1. august 2020
Ei ny fagskuletilsynsforskrift gjelder frå 1. august 2020. Det finst eit eget informasjonsskriv om fagskuletilsynsforskrifta frå 2020, som tek for seg paragraf for paragraf i denne.
Nye søknadsskjema og ny rettleiar er klare til bruk
NOKUT har laga
- ein ny og oppdatert søknadsrettleiar for å søkje fagskuleakkreditering
- eit nytt skjema for å søkje om akkreditering av fagskuleutdanning
- eit nytt skjema for å melde om endringar i utdanningar som allereie er akkrediterte
- nettartiklar om ulike tema i regelverket for fagskular
Dei nye søknadsskjemaa er kortare og enklare enn dei skjemaa NOKUT har brukt tidlegare. Skjemaa er tilpassa den nye fagskuletilsynsforskrifta og ein raskare saksbehandlingsprosess.
Gi beskjed viss de skal søkje akkreditering
Viss de planlegg å søkje om akkreditering av fagskuleutdanning til neste søknadsfrist, ber vi om at de melder dette til fagskole@nokut.no i god tid før søknadsfristen. Dette hjelper oss å legge til rette for at de får ei rask og effektiv saksbehandling. Les meir om beskjed om fagskulesøknadar.
Dokument som NOKUT tek imot er som hovudregel offentlege
Vi gjer merksam på at alle dokument som NOKUT tek imot som hovudregel er offentlege, jf. offentleglova § 3.
Det er viktig at dei som sender inn dokumentasjon til NOKUT sørgjer for at det ikkje finst opplysningar som er underlagde teieplikt eller sensitive personopplysningar. Dersom dokumentasjonen likevel innheld opplysningar som institusjonane meiner må gjerast unntak for, må de informere om dette ved innsending og gi ein grunn med å vise til eit rettsleg grunnlag for dette. NOKUT vil gjere ei vurdering av grunngivinga i kvart enkelt tilfelle.