Godkjenning – fagskule

NOKUT har ansvar for å godkjenne all fagskuleutdanning i Noreg. Berre tilbod som er godkjende av NOKUT kan kallast fagskuleutdanningar. Skular som har godkjende fagskuletilbod kan då kalle seg fagskular.

NOKUT godkjenner følgjande:

  • fagskuletilbod
  • vesentlege endringar
  • fagområde


Dersom du allereie har registrert søknad, kan du sjekke/oppdatere den her:

Logg inn


Vennligst gjør et valg i forrige trinn
Vennligst gjør et valg i forrige trinn

Formålet med godkjenningsordninga er å sikre studentar i fagskuleutdanning tilfredsstillande utdanning og vilkår, og medverke til at samfunnet kan ha tillit til kvaliteten i fagskuleutdanninga. I tillegg til å vurdere sjølve utdanninga, vurderer NOKUT også om tilbydar har tilfredsstillande styringsordning, reglement og system for kvalitetssikring.

Alle som gjer vesentlege endringar av godkjende fagskuleutdanningar og/eller fagområde skal søkje NOKUT om godkjenning av desse.

Det er ikkje mogeleg å lage ei uttømmande liste over vesentlege endringar, men i fagskuletilsynsforskrifta paragraf 3-8 er følgjande endringar i utdanninga definert som vesentlege:

  • endre namn på utdanninga
  • endre det samla læringsutbytet for utdanninga, jf. paragraf 3-2
  • etablere nye studiestader
  • tilby ei tidlegare godkjend stadbasert utdanning som ei nettbasert utdanning

 

I tillegg er endringar som gjeld kven som er ansvarleg for utdanninga vesentlege og skal meldast til NOKUT.

NOKUT forventar at studieplanen blir oppdatert kontinuerleg, slik at den til all tid er relevant og i tråd med utviklinga i yrkesfeltet. Slike justeringar er ikkje vesentlege endringar, og de må ikkje søkje godkjenning av NOKUT for dette, med mindre justeringane fører til endring i det samla læringsutbytet.

NOKUT kan gi ein tilbydar fullmakt til sjølv å opprette utdanningstilbod innanfor eit avgrensa fagområde. For å få denne fullmakta må fagområdet vere godkjent, og tilbydarar må oppfylle fleire vilkår.

Vennligst gjør et valg i forrige trinn

Vilkår for godkjenning

Utdanningstilbod som blir søkt godkjend må tilfredsstille vilkåra for å bli handsama under lov om fagskoleutdanning. Desse er:

  • Utdanningstilbodet må byggje på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
  • Tilbodet må vere ei sjølvstendig, yrkesretta og avsluttande utdanning som gir kompetanse som kan takast i bruk i arbeidslivet utan ytterlegare opplæring.
  • Utdanningstilbodet må ha eit omfang tilsvarande ½–2 år på heiltid.

 

Vedtaket frå NOKUT har ikkje tilbakeverkande kraft. Ei godkjenning vil dermed ikkje utløyse studiefinansiering for eventuell del av utdanninga som er tatt før godkjenning. Les om klagerett

Sjekk hva du bør vite før du søkjer

Førehandsvarsling av søknader

For å medverke til ei meir effektiv handsaming av saka, kan du no varsle oss om søknad på førehand. Meir informasjon om varsling av fagskulesøknader

Rettleiingar og skjema

Veiledning til fagskoletilsynsforskriften (pdf)

Veiledning til tilbydere av fagskoleutdanning (pdf)

Veiledning til system for kvalitetssikring

Tabell – undervisningspersonale (docx)

Skjema for varsling av søknad (docx)

Søknader om å tilby ei stadbasert utdanning som nettbasert og om endring av læringsutbytet for utdanninga har følgjande søknadsfristar: 1. mars og 15. september

Søknader om oppretting av ny studiestad og om andre vesentlege endringar kan sendast utanom søknadsfristane.

Førehandsvarsling av søknader

For å medverke til ei meir effektiv handsaming av sakene, kan du no varsle oss om søknaden på førehand. Meir informasjon om varsling av fagskulesøknader

Vennligst gjør et valg i forrige trinn

Det er to søknadsfristar i året: 1. mars og 15. september. Søknader som blir sende inn etter fristen, vil ikkje bli handsama før neste søkjarrunde.

Alle søknader må sendast via Institusjonsportalen, som er den nye søknadsportalen vår. Innlogginga bruker ID-porten (MinID/BankID o.a.). Ved fyrste innlogging må den som er registrert som dagleg leier/administrerande direktør i Enhetsregisteret logge seg på, for så å melde kven som skal ha rettar til å administrere brukarar i løysinga. Les meir om Institusjonsportalen

Logg inn i institusjonsportalen


Spørsmål?

Spørsmål kan sendes til fagskole@nokut.no.

Det er to søknadsfristar i året: 1. mars og 15. september. Søknader som blir sende inn etter fristen, vil ikkje bli handsama før neste søkjarrunde.

Alle søknader må sendast via Institusjonsportalen, som er den nye søknadsportalen vår. Innlogginga bruker ID-porten (MinID/BankID o.a.). Ved fyrste innlogging må den som er registrert som dagleg leier/administrerande direktør i Enhetsregisteret logge seg på, for så å melde kven som skal ha rettar til å administrere brukarar i løysinga. Les meir om Institusjonsportalen

Logg inn i institusjonsportalen


Spørsmål?

Spørsmål kan sendes til fagskole@nokut.no.

Søknadsfristen for fagområdegodkjenning er 1. november kvart år.

Dersom de ønskjer å søkje om godkjenning av fagområde, ber vi dykk ta kontakt med NOKUT i framkant av søkinga.

Send ein e-post til fagskole@nokut.no og informer om namnet til tilbydaren, namnet på fagområdet, og namn og e-postadresse til kontaktpersonen som skal vere ansvarleg for søknaden. De vil deretter få tilsendt ei lenke til eit søknadsrom der de skal laste opp søknaden og tilhøyrande vedlegg.