Akkreditering – høgare yrkesfagleg utdanning

NOKUT har ansvar for å akkreditere all høgare yrkesfagleg utdanning i Noreg. Berre tilbod som er akkrediterte av NOKUT kan kallast høgare yrkesfaglege utdanningar. Skular som har akkrediterte fagskuletilbod kan då kalle seg fagskular.


Institusjonsportalen er stengt fra torsdag 28. mai kl. 16.00 til fredag 29. mai kl 08.00

Det betyr at du ikke kan søke om akkreditering eller gjøre endringer i eksisterende søknader i dette tidsrommet. Vi beklager de ulempene dette medfører.

Årsak: Oppgradering til en bedre versjon


NOKUT akkrediterer følgjande:

  • fagskuletilbod
  • endringar i fagskuletilbod
  • fagområde

OBS! Vi gjer merksam på at alle dokument som NOKUT tek imot som hovudregel er offentlege, jf. offentleglova § 3.
Det er viktig at dei som sender inn dokumentasjon til NOKUT sørgjer for at det ikkje finst opplysningar som er underlagde teieplikt eller sensitive personopplysningar. Dersom dokumentasjonen likevel innheld opplysningar som institusjonane meiner må gjerast unntak for, må dette informerast om ved innsending og grunngivast med å vise til eit rettsleg grunnlag for dette. NOKUT vil gjere ei vurdering av grunngivinga i kvart enkelt tilfelle.


Dersom du allereie har registrert søknad, kan du sjekke/oppdatere den her:

Logg inn

Frå hausten 2020 kjem det nye søknadsskjema og rettleiingar

Ei ny fagskuletilsynsforskrift tek til å gjelde 1. august 2020. NOKUT vil samstundes implementere ny saksbehandlingsmodell for alle søknadar frå fagskular. Det vil kome nye søknadsskjema for alle akkrediteringssøknadar 1. august 2020.

Om du planlegg å søke om akkreditering av fagskuleutdanning til neste søknadsfrist, ber vi om at dette meldes til fagskole@nokut.no i god tid før søknadsfristen. Dette hjelper oss i å tilrettelegge for ei rask og effektiv saksbehandling av søknaden. Les meir om varsling av fagskulesøknadar.


Vennligst gjør et valg i forrige trinn
Vennligst gjør et valg i forrige trinn

Formålet med akkrediteringsordninga er å sikre fagskulestudentar tilfredsstillande utdanning og vilkår og medverke til at samfunnet kan ha tillit til kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning. I tillegg til å vurdere sjølve utdanninga, vurderer NOKUT også om fagskulen har tilfredsstillande styringsordning, reglement og system for kvalitetssikring.

NOKUT kan gi ein fagskule fullmakt til sjølv å opprette utdanningstilbod innanfor eit avgrensa fagområde. For å få denne fullmakta må fagområdet vere akkreditert, og fagskulane må oppfylle fleire vilkår.

Vennligst gjør et valg i forrige trinn

Vilkår for akkreditering

Utdanningstilbod som blir søkt akkreditert må tilfredsstille vilkåra for å bli handsama under lov om høgare yrkesfagleg utdanning. Desse er:

  • Utdanningstilbodet må byggje på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
  • Tilbodet må vere ei sjølvstendig, yrkesretta og avsluttande utdanning som gir kompetanse som kan takast i bruk i arbeidslivet utan ytterlegare opplæring.
  • Utdanningstilbodet må ha eit omfang tilsvarande ½–2 år på heiltid.

 

Vedtaket frå NOKUT har ikkje tilbakeverkande kraft. Ei akkreditering vil dermed ikkje utløyse studiefinansiering for eventuell del av utdanninga som er tatt før akkreditering. Les om klagerett

Sjekk hva du bør vite før du søkjer

Førehandsvarsling av søknader

For å medverke til ei meir effektiv handsaming av saka, kan du no varsle oss om søknad på førehand. Meir informasjon om varsling av fagskulesøknader

Rettleiingar og skjema

NB! Det kjem nye rettleiingar til hausten 2020. Dagens rettleiingar er ikkje oppdaterte.

Veiledning til fagskoletilsynsforskriften (pdf)
NOKUT arbeider med ei ny fagskoletilsynsforskrift. Les meir om dette

Veiledning til tilbydere av fagskoleutdanning (pdf)

Veiledning til system for kvalitetssikring

Tabell – undervisningspersonale (docx)

Skjema for varsling av søknad (docx)

Vennligst gjør et valg i forrige trinn

Det er to søknadsfristar i året: 1. mars og 15. september. Søknader som blir sende inn etter fristen, vil ikkje bli handsama før neste søkjarrunde.

Alle søknader må sendast via Institusjonsportalen. Innlogginga bruker ID-porten (MinID/BankID o.a.). Ved fyrste innlogging må den som er registrert som dagleg leier/administrerande direktør i Enhetsregisteret logge seg på, for så å melde kven som skal ha rettar til å administrere brukarar i løysinga. Les meir om Institusjonsportalen

 

Logg inn i institusjonsportalen


Spørsmål?

Spørsmål kan sendes til fagskole@nokut.no.

Frista for å søke om akkreditering av fagområde er 1. november. 

For å kunne sette av nødvendige ressursar til søknadsbehandlinga ønsker NOKUT at fagskular som planlegg å søke fagområdeakkreditering, meld fra eit halvt år på førehand, det vil si innan 1. mai.

På grunn av koronasituasjonen har vi i 2020 satt frista for å varsle NOKUT om at fagskulen planlegg å søke til 15. august 2020. Fagskular som varslar innan denne frista, vil få prioritert søknadane sine i søknadsbehandlinga.

 

Rettleiaeren og søknadsskjema oppdaterast i samband med ny forskrift og ligg difor ikkje tilgjengeleg på nokut.no.

Send ein e-post til fagskole@nokut.no og informer om namnet til fagskulen, namnet på fagområdet og namn og e-postadresse til kontaktpersonen som skal vere ansvarleg for søknaden.