Akkreditering – høgare utdanning

Institusjonane som tilbyr høgare utdanning har ulike fullmakter til å opprette nye studium. Felles for dei alle er at alle studium må tilfredsstille krava i studietilsynsforskriften.

  • Universiteta kan sjølve opprette nye studium på alle nivå.
  • Vitskaplege høgskular og akkrediterte høgskular har sjølvakkrediteringsrett på bachelorgradnivå for alle fagområde. For fagområda der institusjonane har rett til å skrive ut doktorgrad har dei sjølvakkrediteringsrett for studietilbod på både lågare og høgare gradnivå. For fagområde utanom doktorgradområda må akkrediterte høgskular og vitskaplege høgskular søkje NOKUT om akkreditering av nye mastergrad- og ph.d-studium.
  • Ikkje-akkrediterte høgskular må søkje NOKUT om akkreditering av alle studietilbod.

Institusjonar kan få utvida fullmakter gjennom å søkje NOKUT om akkreditering av ny institusjonskategori.

 


Vennligst gjør et valg i forrige trinn
Vennligst gjør et valg i forrige trinn

Endringar i universitets- og høyskoleloven (gjeld frå 1. juli 2016)

Endringane inneber blant anna at studietilbod frå nye institusjonar berre kan akkrediterast dersom studietilbodet minst fører til ein bachelorgrad. Institusjonar som allereie har akkrediterte studietilbod kan søkje om mindre einingar, desse må likevel vere på minimum 30 studiepoeng.

Det kan søkjast om akkreditering av:

  • Bachelorgradsstudium (fyrste syklus)
    Studietilbod frå 30 studiepoeng til og med bachelorgradstudium, og yrkesutdanningar av fire års normert studietid.
  • Mastergradsstudium (andre syklus)
    Mastergradstudium på 120 studiepoeng, erfaringsbaserte mastergradstudium på 90 og 120 studiepoeng og mastergradstudium på 300 studiepoeng.
    Spesielt for akkreditering av grunnskolelærerutdanningar på masternivå
  • Doktorgradstudium (tredje syklus)
    Ph.d.-studium på 180 studiepoeng og institusjonsbasert stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid.
  • Fellesgrad (alle syklusar)
    Ein fellesgrad (joint degree) blir utvikla i samarbeid mellom to eller fleire institusjonar, frå same eller frå ulike land. Meir om fellesgrader

Når akkreditering er gitt, er denne gyldig fram til NOKUT eller institusjonen sjølv trekkjer tilbake akkrediteringa som følgje av eit tilsyn som avdekkjer at kvaliteten ikkje oppfyller kvalitetskrava i studietilsynsforskrifta.

NOKUT vurderer om institusjonen oppfyller standardar og kriterium for akkreditering i den aktuelle kategorien. Dersom vi finn at dette er tilfelle, er det til slutt Kongen i statsråd som avgjer om ein institusjon blir flytta over i ny kategori.

Vennligst gjør et valg i forrige trinn
Vennligst gjør et valg i forrige trinn

Send søknaden digitalt i både pdf- og word-format til postmottak@nokut.no.

NOKUT har søknadsfristar to gonger i året for bachelor- og mastergradsstudium (1. og 2. syklus): 1. mars og 15. september

Søknaden må leverast innan midnatt ved utløpet av søknadsfristen. Dersom søknaden ikkje blir levert innan fristen, vil den bli lagt inn for neste søknadsrunde.

Ved endring av søknadsfristen vil NOKUT varsle minimum seks månader i framkant av ny søknadsfrist.

Ein fullstendig søknad består av:

  1. Følgjebrev

    Det formelle vedtaket for søknaden om akkreditering av studiet skal framkome i eit følgjebrev. Følgjebrevet skal vere underskrive av institusjonsleiinga.

    Institusjonen skal gje ein kontaktperson for søknaden med telefonnummer og e-postadresse.

    I følgjebrevet er det også mogeleg å foreslå namn på aktuelle sakkunnige, eventuelle fagmiljø, som NOKUT kan kontakte for å finne mogelege sakkunnige. NOKUT er ikkje bunden til å følgje forslaga.

  2. Hovuddokument
    Hovuddokumentet skal følgje NOKUTs mal for søknadsutforming. Her gjer de greie for at alle krava i studietilsynsforskrifta er oppfylte. Sjå del 2 og 3.

  3. Vedlegg, inkludert tabellsamling
    Sjå del 3.5.

Hugseliste

  • Bruk NOKUTs mal for søknadsutforming.
  • Gi ei utgreiing knytt til kvart krav. Kvart svar har betyding for handsaminga av heilskapen i søknaden. Søkjaren er ansvarleg for å levere eit fullstendig søknadsdokument som inneheld omtalar og grunngivingar knytte til kvart krav.
  • Hovuddokumentet og studieplanen skal kunne lesast sjølvstendig utan andre vedlegg. Det betyr at all nødvendig informasjon skal vere i desse to dokumenta. Vedlegga NOKUT ber om skal underbyggje og dokumentere svara i hovuddokumentet.
  • Legg ved alle vedlegg som NOKUT ber om i del 3.5.
  • Søknaden skal innehalde tre tabellar som skal følgje malane i del 3.5. Tabellane skal fyllast ut elektronisk.
  • Pass på at de ikkje gjev informasjon på ein stad i søknaden som er forskjellig frå det de gjev ein annan stad.

NOKUT har ikkje søknadsfristar for institusjonsakkreditering, men det er ønskjeleg at institusjonen varslar i god tid om at den planlegg å søkje.

Det blir også tilrådd at søkjar nyttar seg av høvet for eit informasjonsmøte med NOKUT. Søkjar kan be oss om å gjere ei avklaring av den juridiske statusen til søkjaren i framkant av innsending av søknad.

Når søknaden er utarbeidd, ber vi om at søkjar i fyrste omgang sender oss eitt eksemplar av søknaden i papirformat med alle dokument som er nemnde over. Vi ber også om at elektronisk format (pdf) blir sendt til postmottak@nokut.no.

Når NOKUT har klarert at søknaden er eigna til sakkunnig vurdering, vil søkjar bli bedd om å sende fem til seks eksemplar av søknadsdokumenta i papirformat.