Kombinerte fagevalueringar (KOMBEVAL)

På oppdrag frå Kunnskapsdepartmentet samarbeider NOKUT og Forskningrådet om å utvikle ein modell for evalueringar der utdanning og forsking blir evaluert i same prosess. Bakgrunnen for oppdraget er eit ønske om å utvikle evalueringar av heilskapen i samfunnsoppdraget til institusjonane.

Tre samfunnsvitskaplege fag, statsvitskap, sosiologi og samfunnsøkonomi, er valde ut til å inngå i piloten. I tillegg til å vurdere kvaliteten på utdanning og forsking i desse tre disiplinane, vil pilotprosjektet også undersøkje samspelet mellom utdanning og forsking, med det formålet å finne ut meir om korleis dei ulike aspektane av institusjonane sine oppdrag verkar inn på kvarandre.

Evalueringa av utdanningane vil utførast av internasjonale panel med ekspertise både innanfor fagfelta og innanfor UH-pedagogikk. Datagrunnlaget kjem frå informasjon som blir send inn av institusjonane som deltek i pilotprosjektet, og frå NOKUTs student- og undervisarundersøkingar.

Evalueringsarbeidet finn stad frå våren 2017, og dei endelege resultata kjem våren 2018.

Prosjektleiar i NOKUT: Marte Bogen Sinderud