NOKUTs mål og oppgåver

Det er definert tre hovudmål for verksemda til NOKUT, eitt for arbeidet med norsk utdanning, eitt for arbeidet med utanlandsk utdanning og eitt for NOKUT som organisasjon. Måla er avleidde av mandatet gitt i Lov om universitet og høgskular. Dei blei definerte i strategiplanen vår for 2015–2020 og ligg også til grunn for Kunnskapsdepartementets etatsstyring av NOKUT.

Mål for arbeidet med norsk utdanning

NOKUT skal medverke til at alle utdanningar ved norske universitet, høgskular og fagskular har tilfredsstillande kvalitet, at flest mogeleg utdanningar er framifrå, og at samfunnet er godt informert om tilstanden i sektoren.

Dette gjer vi gjennom å:

  • akkreditere og føre tilsyn med institusjonar og utdanningar ut frå nasjonale og internasjonale standardar
  • forvalte og utvikle verkemiddel for å stimulere kvalitetsutvikling
  • tilverke, samanstille og analysere kunnskap om utdanning og kvalitet
  • skape møteplassar for meiningsutveksling og rette merksemda mot kvalitetsutfordringar og gode praksisar
  • gi råd til myndighetene og utdanningsinstitusjonane basert på kunnskap om kvalitetstilstanden

Mål for arbeidet med utanlandsk utdanning

NOKUT skal medverke til at personar med utanlandsk utdanning effektivt kan nytte kompetansen sin i Noreg, og at arbeidsliv og utdanningsinstitusjonar har god informasjon om kva utanlandsk kompetanse svarer til i Noreg.

Dette gjer vi gjennom å:

  • godkjenne og vurdere utanlandske fag- og yrkesopplæring, fagskuleutdanning og høgare utdanning for søkjarar
  • informere om utanlandsk utdanning og systemet for godkjenning i Noreg
  • vareta nasjonale koordineringsfunksjonar på feltet
  • tilverke, samanstille og analysere kunnskap om godkjenning av utanlandsk kompetanse
  • skape møteplassar for meiningsutveksling og setje viktige tema på dagsorden
  • gi råd til myndighetene, arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane

Mål for NOKUT som organisasjon

NOKUT skal ha ei effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane – i samsvar med samfunnsoppdraget og internasjonale standardar på området.

For å sikre desse legg vi i drift og utvikling av organisasjonen vekt på:

  • kvalitet, nytte og effekt av arbeidet vårt
  • god og riktig kompetanse tilpassa mål og oppgåver
  • eit godt arbeidsmiljø og ein organisasjonskultur prega av kunnskapsdeling, læring og samarbeid mot felles mål
  • effektive arbeidsprosessar og fleksible arbeidsformer
  • gode relasjonar til sektor og samfunn samt samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt