Direktør

Terje MørlandTerje Mørland

Direkte telefon: 21 02 18 30
Mobiltelefon: 412 23 199
E-post: Terje.Morland@nokut.no

Født: 13. november 1971

Fleire bilete av Terje Mørland

Terje Mørland har vore direktør for NOKUT sidan desember 2008. Stillinga er ei åremålsstilling som blei fornya i 2014. Mørland er utdanna sivilingeniør i biofysikk og medisinsk teknologi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i 1995 og har tidlegare jobba ved SINTEF, Noregs Forskingsråd og Universitetet i Oslo (UiO).

I SINTEF jobba han i 1996 og 1997 med medisinsk-teknologisk forsking. I Forskingsrådet var han i perioden 1997–2004 rådgjevar og spesialrådgjevar med oppgåver innan klima- og miljøforsking, internasjonalt samarbeid, organisasjonsutvikling og utvikling av verkemiddel for forskingsbasert innovasjon. Ved UiO var han frå 2005 til 2008 forskingsdirektør med ansvar for forskings- og universitetspolitikk og forskingsadministrative tenester.