Tilfredsstillande kvalitetsarbeid ved Kunstskolen i Bergen

Kunstskulen i Bergen oppfyller alle vurderte krav til kvalitetsarbeid, og NOKUT har avslutta tilsynet.

NOKUTs vurdering er at fagskulen har retta opp alle påpeika manglar i kvalitetsarbeidet sitt og at kvalitetsarbeidet derfor er tilfredsstillande.

– Kunstskulen i Bergen har dokumentert at dei har retta opp i manglane dei hadde i kvalitetsarbeidet. Vi har derfor avslutta tilsynet og ønskjer dei lukke til i det vidare arbeidet med å sikre og utvikle kvaliteten i utdanningane sine, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

NOKUT gjennomførte tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet ved Kunstskolen i Bergen i 2021, som del av eit tilsynsprosjekt der NOKUT fører tilsyn med kvalitetsarbeidet ved seks kunstfagskular. 15. september 2021 fatta NOKUT vedtak om at fagskulen måtte rette opp enkelte forhold, med frist for å sende ny dokumentasjon innan eit år. Kunstskulen i Bergen blei bedd om å tydeleggjere korleis dei gjennomfører kvalitetsarbeidet, samt rapporteringslinjene og ansvarsforholda i arbeidet, slik at fagskulen sitt system for kvalitetssikring skulle bli enkelt å forstå og bruke for tilsette og studentar.

NOKUT starta hausten 2020 med å føre tilsyn med kvalitetsarbeidet til fagskulane, etter å fyrst ha gjennomført eit pilotprosjekt i 2019. I denne forma for tilsyn kontrollerer NOKUT at fagskulane arbeider systematisk med å sikre og utvikle kvaliteten i utdanningane. I tillegg skal tilsyna gi fagskulane råd som dei kan bruke i vidareutviklinga si.

– Fagskulane har ansvar for kvaliteten i utdanningane dei tilbyr, og det systematiske kvalitetsarbeidet er ein viktig del av dette. Gjennom tilsyna skal vi bidra til å styrkje fagskulen si evne til å kvalitetssikre og vidareutvikle utdanningane, seier Vinje.

Kunstskulen i Bergen sende NOKUT dokumentasjon på at dei har retta opp manglane i kvalitetsarbeidet sitt 20. mars 2022.

Asker kunstfagskule, Einar Granum Kunstfagskole, Det tverrfaglege kunstinstitutt, Kunstskolen i Stavanger og Ytre kunstfagskule har frist til å dokumentere til NOKUT at dei har retta opp manglar i kvalitetssikringssystema sine og i det systematiske kvalitetsarbeidet sitt innan 15. september 2022. NOKUT vil publisere tilsynsrapportane når sakene er ferdig behandla.

Les tilsynsrapporten her.

Del med andre