Ønskjer innspel til evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk

I januar i år fekk NOKUT i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å gjennomføre ei evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). No ber vi om innspel for å gjera evalueringa så relevant som mogleg.

– I år er det ti år sidan innføringa av NKR. Mykje har skjedd sidan då, og utdanningssektoren, arbeidslivet og andre arenaer for læring kjem til å stå ovanfor utfordringar og dilemma i tida som kjem. Regjeringas kompetansereform har nyleg understreka kor viktig arbeidet med nettopp kompetansepolitikk, utdanning og livslang læring er, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Målet med evalueringa er å gje "eit heilskapleg bilete av korleis NKR fungerer i dag og gje eit grunnlag for vidare utvikling". Arbeidet har ei ramme på to år, og vi skal sjå nærmare på kva funksjonar og effektar NKR har i dag, i kva grad det er i tråd med formåla og kome med råd om vidare utvikling.

Fredag 19. mars inviterer NOKUT til eit ope innspelsmøte i samband med oppstarten av evalueringa.

– Vi ønskjer innspel frå interessentar og aktørar som på ulike måtar treff på NKR i sitt virke, om utfordringar og problemstillingar som evalueringa bør sjå på, og rolla NKR kan spele i arbeidet med livslang læring, utdanning og kompetansepolitikk, forklarar Vinje.

Evalueringa vil særleg sjå på utdanningskvalitet og regulering av utdanning og mobilitet og livslang læring.


Logo: Co-funded by the Erasmus+ programme of the European union

Del med andre