Nytt land i NOKUTs landdatabase: Bangladesh

Rundt 200 studentar frå Bangladesh går på norske universitet og høgskular. For å støtte institusjonane i arbeidet med denne studentgruppa har NOKUT no samla informasjon om utdanningssystemet, gradar i Bangladesh og eigen praksis ved vurdering av utdanningar og lagt dette inn i landdatabasen.

– I landdatabasen har vi så langt informasjon om nesten 60 ulike land. Landdatabasen er eit nyttig verktøy for alle som treng informasjon om utdanningssystema i andre land, anten det er enkeltpersonar, arbeidsgivarar eller tilsette på universitet eller høgskular, seier Stig Arne Skjerven, direktør for utanlandsk utdanning i NOKUT.

Landdatabasen er ein viktig del av NOKUTs informasjonsarbeid som nasjonalt ENIC-NARIC kontor.

Les om Bangladesh i NOKUTs landdatabase

Har du ønske om nye land i landdatabasen?

– Innlegging av ny informasjon i landdatabasar skjer kontinuerleg, og vi vil i løpet av året leggje inn fleire nye land i basen. Sit nokon med eit ønske om land som burde liggje i Landdatabasen, er det berre å ta kontakt med NOKUT, avsluttar han.

Ønske om land kan du sende hit: utland@nokut.no

Les meir om landdatabasen

Del med andre