Nasjonal deleksamen for barnevernsstudiane gjennomført for første gong

Den første gjennomføringa var berre ein pilot, men resultata viser at institusjonane likevel har ein del å jobbe med. Frå hausten blir eksamen rulla ut i full skala.

I 2021 fekk NOKUT i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å utvikle ein nasjonal deleksamen i juridiske fag for dei nye mastergradane i høvesvis barnevern og barnevernsarbeid.

Det blei bestemt at det skulle gjennomførast ein frivillig pilot før den ordinære eksamenen skulle gjennomførast. Denne blei gjennomført 7. desember 2022. Då deltok seks institusjonar på nasjonal deleksamen i rettsanvending i barnevern. Totalt 165 kandidatar avla eksamen.

Analysedirektør i NOKUT, Ole-Jacob Skodvin, er glad for at så mange som seks institusjonar ønskt å delta i piloten.

– Det er mykje som skal på plass når ein skal gjennomføre ein slik landsomfattande pilot. NOKUT vil takke alle som har bidratt til å få dette i hamn, og vi håper resultata blir brukte til å vidareutvikle utdanningane, seier Skodvin.

Nokre institusjonar vil gjennomføre eksamen i april 2023, men frå hausten 2023 blir alle 13 institusjonar som tilbyr desse mastergradane, med på nasjonal deleksamen.

Piloten vil bli evaluert etter dei første gjennomføringane, for å avdekkje behov for mindre justeringar av eksamensarbeidet framover.

Mange som ikkje bestod

Den nasjonale eksamenen i rettsanvending i barnevernsfagleg arbeid er felles for master i barnevernsfagleg arbeid og for master i barnevern. Eksamenen blir knytt til juridisk metode, og korleis ein resonnerer knytt til rettslege spørsmål på barnevernsfeltet.

Kandidatane blir vurderte til bestått/ikkje bestått av nasjonale sensorar beståande av fagpersonar frå heile landet.

Resultata viser at det var mange som ikkje bestod eksamen. Av 165 kandidatar var det 94 kandidatar (57 %) som fekk bestått. 71 kandidatar (43 %) fekk dermed ikkje bestått.

Ein så høg strykeprosent bekymrar administrerande direktør i NOKUT, Kristin Vinje.

– Det er i snitt ein urovekkjande høg strykeprosent som viser at det bør gjerast tiltak for å styrkje kunnskapen til studentane om dette viktige temaet. Men det er store variasjonar mellom institusjonane, så vi har god tru på at dette vil betre seg i framtida når dette emnet er meir etablert, seier Vinje.

Kvifor nasjonal deleksamen for barnevernutdanningane?

Barne- og familiedepartementet og Kunnskapsdepartementet arbeider med å heve kompetansen innan barnevern, med spesiell vektlegging av juridisk kompetanse. Tilstrekkeleg juridisk kompetanse er avgjerande for rettstryggleiken til barn og familiar som får hjelp og som kan møte inngripande tiltak med bruk av tvang og makt. Nasjonal deleksamen i juss for barnevernfaglege masterprogram er eit av fleire tiltak for å setje søkjelys på og auke juss-kompetansen i barnevernet.

Nasjonal deleksamen er eit tiltak som kan knyte dei ulike studiestadane tettare saman, gi nyttig informasjon om kunnskapsnivået til studentane og gi fagmiljøa og studiestadane ei mogelegheit til å samanlikne seg med andre og utvikle seg på grunnlag av det. I tillegg kan nasjonal deleksamen bidra til ein auka tillit til barnevernfaglege utdanningar.

Del med andre