Godkjent kvalitetsarbeid ved Høyskolen for ledelse og teologi

NOKUT har ført tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet ved Høyskolen for ledelse og teologi (HLT) og konkludert med at kvalitetsarbeidet oppfyller alle krava til systematisk kvalitetsarbeid.

Logo: Høyskolen for ledelse og teologi
Logo: Høyskolen for ledelse og teologi

Tilsynet ved HLT viser at det finn stad mykje godt kvalitetsarbeid ved høgskulen. Kvalitetsarbeidet er godt forankra i styre og leiing, og høgskulen bruker innhenta kunnskap til å avdekkje sviktande kvalitet og til å utvikle kvaliteten i studietilboda.

På institusjonsbesøket fortalde studentane at det er svært lett å ta kontakt med administrasjonen og undervisarar, og derfor enkelt å nå fram med både spørsmål og kritikk. Forslag til forbetringar og endringar blir behandla raskt.

– Tilsynet viser at HLT arbeider mykje med utdanningskvaliteten, og det er inntrykket til komitéen at medråderett og openheit er viktige prinsipp ved høgskulen, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

HLT er ein høgskule med akkrediterte studietilbod og må søkje NOKUT når dei ønskjer å etablera nye studietilbod eller gjere vesentlege endringar i eksisterande studiar. HLT har gode rutinar for søknad om etablering av nye studietilbod til NOKUT og kontrollerer igjennom kvalitetsarbeidet sitt at eksisterande studietilbod og fagmiljøa tilfredsstiller krava i lov og forskrifter.

HLT har relativt nyleg utarbeidt ordningar for periodisk evaluering av studietilboda, men kan vise til iverksette prosessar frå evalueringar. I panela som bidrar i dei periodiske evalueringane, sit mellom anna eksterne representantar frå arbeids- og samfunnsliv, fagfellar frå andre institusjonar og studentar.

– I tillegg til å kontrollere at alt er i samsvar med lov og forskrifter ønskjer vi at NOKUTs tilsyn skal stimulere utdanningsinstitusjonane til å vidareutvikle det systematiske kvalitetsarbeidet sitt. HLT får derfor også nokre gode råd frå komiteen om korleis høgskulen kan vidareutvikle kvalitetsarbeidet ytterlegare, avsluttar NOKUT-direktøren.

Last ned tilsynsrapporten:

Del med andre