– Praksisen forandrar studentane og gir dei fagleg sjølvtillit

Ved Aston University i Birmingham er godt over to tredelar av bachelorstudentane i praksis i løpet av studiane. Praksisen er eit tema allereie før dei byrjar og er ein integrert del av heile bachelorløpet. Men universitetet stanser ikkje der.

– Vi vil at 100 prosent av studentane skal ut i praksis, seier Carolina Salinas som er leiar for arbeidet med praksisutplassering.

Dei håper å oppnå målet seinast i 2023.

Godt over to tredelar av bachelorstudentane ved Aston University er ute i praksis, dei fleste i eitt år.

Godt over to tredelar av bachelorstudentane ved Aston University er ute i praksis, dei fleste i eitt år.

Raud tråd gjennom bachelorløpet

Allereie på dei opne dagane for potensielle søkarar er praksisutplassering eit viktig tema. Universitetet legg vekt på å forklare dei som vurderer å søke at dei forventar at studentar ved Aston dreg i praksis. Enten eit eittårig "sandwich-år" mellom andre og tredje år i bacheloren eller ein kortare sommarpraksis på minimum fire veker for studentar som ikkje kan vere i praksis eit heilt år. Praksis i utlandet er også mogleg og noko som blir anbefalt frå universitetet.

Byrjar praksisførebuingane første år i studiet

Dei fleste studentane byrjar praksisførebuingane i sitt første studieår. Dei har kurs i CV-skriving, møter med studentar som har vore i praksis og blir introduserte for universitetet sine karriere- og praksiskonsulentar.
Andre år handlar om å finne den rette praksisplassen. Universitetet har sin eigen jobbdatabase med både praksisplassar og jobbar for uteksaminerte kandidatar, Aston futures. I skrivande stund er 5000 jobbar annonserte der for studentane.

Andreårsstudentane får også kurs i å vere på jobbintervju og andre praktiske råd. Universitetet arrangerer møter med potensielle praksis-arbeidsgivarar og gir studentane opplæring i alt frå korrekt oppførsel på arbeidsplassen til tema som det å vere kvinne på ein mannsdominert arbeidsplass og korleis takle naturkatastrofar og terror

– Vi har også samla mykje informasjon i handbøker både for studentane og arbeidsgivarane som tek mot studentane i praksisen. Vi er opptekne av å ha robuste system for utplassering, fortel Carolina Salinas.

I år er 72 prosent av bachelorstudentane på Aston University i praksis.

– Viserektoren vår, professor Helen Higson, har forska mykje på verdien av praksisutplassering. Funna viser at praksis gir større jobbmuligheiter og også betre prestasjonar i det siste året av bacheloren, held Salinas fram.
Det er 60 personar som arbeider i avdelinga for praksis og karriere ved universitetet, noko som understreker at det blir satsa mykje ressursar på praksisutplassering.

Job Shop

Aston University har ein eigen "Job Shop" som både hjelper studentar med å finne jobb ved sidan av studiane og gir råd om praksisutplassering.

Tett oppfølging i praksisen

Studentane får tett oppfølging i sjølve praksisen, og har ein personleg praksisrettleiar. Rettleiaren er i kontakt med studentane minst ein gong i månaden og er også på besøk på praksisplassen ein eller fleire gongar i løpet av den eittårige praksisen.

Studentane skriv både ein reflekterande logg frå praksis og eit essay som blir sette karakter på. Karakteren tel som ti prosent av den endelege karakteren i bachelorgraden.

I fjerde og siste studieår, for dei som har eitt år med praksis, blir praksisopplevingane brukte i undervisinga. Særleg er det viktig at studentar som ikkje har vore i praksis får høyre erfaringane frå studentane som har vore i praksis gjennom diskusjonar og presentasjonar.

Psykologistudent Hinesh Nathwani er ein av dei som har gode røynsler med eittårig praksisutplassering.

– Eg arbeidde i eitt år ved Birmingham Mental Health Hospital og gjorde ulike oppgåver, mellom anna assisterte eg ei gruppe for oppfølging av pasientar som var på veg tilbake etter å ha gått gjennom depresjon. Eg fekk sett det eg hadde lært i studiet så langt ut i livet, men eg fekk også verdfulle kontaktar for karrieren vidare.

Carolina Salinas (i midten) leier arbeidet med praksisutplassering ved Aston University. Psykologistudent Hinesh Nathwani heilt til høgre.

Carolina Salinas (i midten) leier arbeidet med praksisutplassering ved Aston University. Psykologistudent Hinesh Nathwani heilt til høgre.

Særleg viktig for studentar frå lågare sosiale lag

Ved Aston legg dei stor vekt på at studentar frå minoritetar og lågare sosiale lag har spesielt stort utbytte av å vere i praksis. Ofte er dette studentar som er dei første i sin familie som går på eit universitet. Praksisen opnar arbeidsmarknaden for grupper som tradisjonelt sett har vanskeleg for å komme inn i det, og gir dei ein fot i døra. På engelsk bruker dei omgrepet "widening participation". I ingeniør- og samfunnsfag er dette særleg tydeleg.

– Det å være i praksis fører til endring hos studentane, det gir dei nye muligheiter. Eg ser studentar dra i praksis og kome tilbake heilt forandra. Det er utrulig, dei har utvikla seg og kjenner seg sjølve på ein annan måte. Dei har gjort noko som er viktig for framtida si og gitt dei fagleg sjølvtillit, avsluttar Carolina Salinas.

Fakta

  • Aston University fekk universitetsstatus i 1966 og har bakgrunn i ulike tekniske og merkantile utdanningar frå 1875 og framover.
  • I dag er universitetet mest kjent for ingeniør- og teknologifag, medisin- og helsefag, språkfag og merkantile utdanningar.
  • Det er rundt 14.000 studentar ved universitetet.
  • Ordninga med eit praksisår blei introdusert allereie på slutten av 1960-talet.
  • Viserektoren, professor Helen Higson, har forska mykje på verdien av praksisutplassering. Funna viser at praksis gir større jobbmuligheiter og også betre prestasjonar i det siste året av bacheloren.
  • The Quality Assurance Agency for Higher Education (QAA) framhevar i sitt tilsyn med universitetet i 2015 at ordninga med praksisutplassering ved Aston er eit døme på spesielt god praksis.
  • Vann i 2015 midlar gjennom britiske Higher Education Academys "Strategic Excellence Initiative for Vice-Chancellors or Principals". Les meir om Strategic Excellence Initiative for Vice-Chancellors or Principals

 

Denne artikkelen er henta frå SFU-magasinet vår/sommar 2018 (pdf) | Gå til nettversjonen

Del med andre