Sakkunnige – studietilbod på bachelor- og mastergradnivå

Når vi tek i mot søknader om akkreditering av studietilbod på bachelor- og mastergradnivå, gjer vi fyrst ei administrativ vurdering av om dei formelle krava er oppfylte. Søknader går så vidare til vurdering hos sakkunnige komitear.

Den sakkunnige komiteen

Dei sakkunnige gjer ei fagleg vurdering av søknaden opp mot NOKUTs krav (sjå studietilsynsforskriften). Dette munnar ut i ei felles vurdering der dei sakkunnige konkluderer med om dei tilrår akkreditering eller ikkje. Sjå saksgangen i studieakkreditering for meir informasjon.

Som hovudregel vel vi to sakkunnige til å vurdere kvar akkrediteringssøknad. Institusjonane som søkjer om akkreditering kan foreslå sakkunnige og kommentere på forslag, men det er NOKUT som avgjer kven vi ønskjer å bruke som sakkunnige.

Krav til dei sakkunnig sine kvalifikasjonar

I studietilsynsforskrifta er det sett krav til dei sakkunnige sin kompetanse:

  • Dei sakkunnige skal ha kompetanse i og erfaring frå gjennomføring av tilsvarande eller liknande studium.
  • Minst éin av dei sakkunnige skal ha formell kompetanse på eit høgare nivå enn det studiet som skal akkrediterast (for eksempel ha doktorgrad ved vurdering av søknad om mastergradstudium).
  • Når det gjeld akkreditering av mastergradstudium, skal minst éin av dei sakkunnige ha relevant internasjonal kompetanse, og blir derfor som oftast rekruttert frå ein institusjon i utlandet.

 

Det er også viktig at dei sakkunnige ikkje har oppgåver ved institusjonen eller studiet dei skal evaluere eller har andre tilknytingar til institusjonen som gjer dei inhabile. Dei sakkunnige skal ikkje uttale seg offentleg om saka før vedtaket er fatta.

Dei sakkunnige kjem med tilrådingar til NOKUT i akkrediteringssaker, men det er NOKUT som står ansvarleg for vedtaket. Den sakkunnige vurderinga kan søkjar ikkje klage på.

For potensielle sakkunnige: