Sakkunnige – institusjonsakkreditering

Institusjonar kan søkje om akkreditering som høgskule, vitskapleg høgskule eller universitet. Søknader blir først vurderte av NOKUT, så går dei eventuelt vidare til vurdering hos sakkunnige komitear. Det er NOKUTs styre som fattar det endelege vedtaket.

Når vi tek i mot ein søknad går saksbehandlaren igjennom denne for å sjå om den eignar seg for sakkunnig vurdering. I denne fasen får søkjaren høve til å komplettere søknaden. Når søknaden er klar for behandling, vel NOKUT ein sakkunnig komité. Komiteen evaluerer om institusjonen fyller krava til akkreditering (sjå studietilsynsforskriften kapittel 2)

Vurderingane blir skrivne i ein rapport der dei sakkunnige konkluderer med om dei tilrår akkreditering eller ikkje.

NOKUTs styre fattar vedtak om akkreditering. Ved positivt vedtak må institusjonane sjølve søkje Kunnskapsdepartementet om endring av institusjonell status.

Den sakkunnige komiteen

Vanlegvis har ein sakkunnig komité fire medlemer. Institusjonane som søkjer om akkreditering kan foreslå sakkunnige og kommentere på forslag, men det er NOKUT som avgjer kven vi ønskjer å bruke som sakkunnige.

Krav til dei sakkunnig sine kvalifikasjonar

I studietilsynsforskrifta er det sett krav til kompetansen for den sakkunnige komiteen:

  • Komiteen skal ha erfaring frå leiing av ein høgare utdanningsinstitusjon minst på nivå med den kategorien akkrediteringa gjeld.
  • Komiteen skal ha minst éin sakkunnig med tilknyting til relevant utanlandsk institusjon.
  • Komiteen skal ha ein sakkunnig med kompetanse frå samfunns- eller næringsliv.
  • Ein student som har erfaring frå institusjonsstyre, andre sentrale tillitsverv eller frå arbeid i studentorganisasjon, skal inngå i komiteen. (Les mer om den studentsakkunnige nederst på sida)
  • I komiteen skal det vere minst éin sakkunnig med professor-/dosentkompetanse ved akkreditering til universitet og vitskapleg høgskule, og minst med førstestillingskompetanse ved akkreditering til høgskule.

 Det er også viktig at dei sakkunnige ikkje har oppgåver ved institusjonen dei skal akkreditere, eller har andre tilknytingar til institusjonen som gjer dei inhabile. Sjå studietilsynsforskriften. Dei sakkunnige skal ikkje uttale seg offentleg om saka før vedtaket er fatta.

Det er NOKUT som står ansvarleg for vedtaket, og søkjar kan klage på avgjerda. Sjølve den sakkunnige vurderinga kan søkjar ikkje klage på.

Rapporten frå den sakkunnige komiteen er offentleg og blir publisert i NOKUTs publikasjoner – Tilsynsrapporter.

For deg som ønskjer å bli sakkunnig

Studentsakkunnig

Saman med akademisk personale er studentane ein av dei viktigaste partane i høgare utdanning. Bruken av studentar som sakkunnige styrkjer høvet for at perspektiva til studentane blir tekne inn i vurderingane på deira eigne premissar.

Ein studentsakkunnig er ein likeverdig medlem i den sakkunnige komiteen, som elles består av akademisk personale og i nokre tilfelle arbeidslivsrepresentantar. Ein studentsakkunnig får den same opplæringa i framkant av oppdraget og tek del i institusjonsgjestinga og rapportskrivinga saman med resten av komiteen.

Som for andre sakkunnige, er det viktig at studentsakkunnige er habile. Det vil seie at dei ikkje har oppgåver ved institusjonen eller studiet dei skal evaluere, eller har andre tilknytingar til institusjonen som fører til at samfunnet ikkje vil ha tillit til vurderinga deira.

Registrering

Dersom du ønskjer å bli sakkunnig for NOKUT, må du registrere deg i NOKUTs portal for sakkyndige.