Akkrediterte institusjonar
Ein akkreditert institusjon kan sjølv opprette studietilbod som ligg innafor ramma av fullmakta, utan å måtte søkje NOKUT om akkreditering.
I Noreg har vi tre hovudkategoriar av institusjonar som er akkrediterte for høgare utdanning: universitet, vitskaplege høgskular og høgskular.
Private institusjonar som ikkje er akkrediterte, men som har studietilbod akkreditert som høgare utdanning, kan kalle seg høgskule.