Sakkunnige – fagskuletilbod

Før søknader om godkjenning av studietilbod går til sakkunnig vurdering, gjer NOKUT ei administrativ vurdering av styringsordning, reglement og kvalitetssikringssystem.

Den sakkunnige komiteen

Sakkunnig komité vurderer forhold som:

  • Læringsutbytte for utdanninga
  • Fagleg innhold
  • Fagmiljøets kompetanse
  • Undervisning, tilrettelegging og arbeidsformer
  • Eksamen og vitnemål
  • Infrastruktur

Søkjar får høve til å foreslå sakkunnige og til å uttale seg om forslag til komité. Ingen sakkunnig kan ha, eller ha hatt, oppgåver for, eller anna tilknyting til, søkjar som fører til inhabilitet.

De sakkyndige skriver den faglege vurderinga si av studietilbodet i ein rapport. I rapporten konkluderer dei sakkunnige med om kriteria er tilfredsstillande oppfylte, og om komiteen tilrår godkjenning eller ikkje.

Krav til dei sakkunnig sine kvalifikasjonar

Fagleg vurdering av søknad om godkjenning av studietilbod kan gjerast av éin eller fleire sakkunnige og/eller av anna statleg tilsyn.

Følgjande kvalifikasjonar må alltid vere til stades ved ei sakkunnig vurdering:

  • Formell teoretisk utdanning på minst nivå med toårig fagskuleutdanning innan aktuell utdanning eller liknande utdanning
  • Formell teoretisk utdanning kan erstattast med tilsvarande realkompetanse
  • Pedagogisk praksis som er relevant for aktuell utdanning
  • God kunnskap om og erfaring frå aktuelt yrke/yrkesfelt

Innhaldet i søknaden og/eller undervisningsform kan stille ytterligare krav til dei sakkunnige sin kompetanse:

For søknader om å tilby utdanningstilbodet som fjernundervisning gjeld: Kompetanse på pedagogisk bruk av teknologi og organisering av fjernundervisningstilbod.

For søknader der det inngår sertifisering/autorisasjon for yrket gjeld:
Kunnskap om sertifiserings-/autorisasjonskrava.